Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
20 Gustav Indrebø
og hadde vore heilage steinar i gamal tid. Soleis t. d. biskop
Munter, Antiquariske Annaler 111 s. 19—29 (1820). Det skulde
vera kultminne etter eit keltisk frumfolk, og soleis fræge forn
tidminne. Christie lagde mykje umak på å spyrja upp og få
gjort etterrøkjingar um slike steinar. Me finn umhugsame upp
skrifter um storleiken på steinane, skap, lægje m. m., og stundom
teikningar (t.d. i 187 a, 12). På Eldøyi i Sunnhordland fann
han på ei ferd ikkje mindre enn 11 ruggesteinar som låg radt
i jamvekt, »og det saa fuldkommen, at, naar man satte dem i
Bevægelse, vedbleve de af sig selv at ryste, eller at gaae frem og
tilbage flere, indtil 10 å 12 Gange, omtrent i lige saa mange
Secunder«. Dette var slikt som kunde setja fantasien hans i
sving. Dei keltiske druidane heldt mange av møti og ofringane
sine um natti: Skulde namnet Eldøy »tyde hen paa Offringer,
eller Ild-Dyrkelse, som mueligen i Oldtiden have fundet Sted
her paa Øen, og hvortil Rokkestenene have henhørt, eller været
benyttede ?« (187 a, 10). — Christie hadde tenkt å skriva ei av
handling i Urda um ruggesteinar i Noreg.8 Men so kom arkæologen
J. J. A. Worsaae i same tidskrifti 1843 (111, s. 93) og hævda
at ruggesteinane var ikkje kunstige minnesmerkje frå forntidi,
og ikkje minne um keltar, det var berre rullesteinar som naturi
hadde lagt slik dei låg. Naturvitskapsmenn sagde det same, og
kalla det erratiske blokkar.9 Det vart ikkje til at Christie gjorde
ferdig nokor utgreiding um ruggesteinane, anten det no var desse
vitskapsmennene som yvertydde honom, eller anna og kom i vegen.
Ei livande interesse hadde Christie for kyrkjebygningar og
alt som dertil høyrer, og for det me hev att av klosterleivningar.
Han vitja klostertuftene på Utstein, Halsnøy, Lyse, Selja og
Tautra.10 På ferdene sine gjesta han so mange kyrkjor som han
kunde — frå millomalderen og seinare tid —, notera um byggje
måte, innreidnad og prydnader, leita etter innskrifter og merkjelege
8 Urda I, s. 303.
9 Keilhau, Nyt Mag .for Nat.-Vidsk. I bd. 2—3 h. s. 158 f. Hitschoet,
Final Report on the Geology of Massachusets s. 374—376. J. Mac Cullock,
(London) Transactions of the Geological Society II bd.
10 Bg. M. 187 a, 10 (Utstein). 187 a, 60. 235 d (Halsnøy). 227 c
(Selja, Tautra).
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>