Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Innleiding 31
her og samlarverksemd. Men manuskripti hans gøymer do ein
skilde resultat av sjølvstendig gransking som er honnør verd.
Og samlarverksemdi var ein innsats, sumt med verde enno. I
sume høve er sjølve upptaki, planane hans i og for seg, verde
åtgaum.
Når me skal gjera greide for målarbeidet åt Christie, vil me
fyrst tala um arbeidet med runer og millomaldersbrev. Der
etter um stadnamn-arbeidet. Til slutt um den nynorske ord
boki hans.
For run-innskrifter hadde Christie ei livande interesse både
av reint antikvariske grunnar og av nasjonal mål-hug. Interessa
kjem fram i det at han samla seg so mykje runelitteratur, av det
slaget som fanst, — han hadde dei viktugaste norderlendske
runeverki, og um han ikkje hadde so mykje tysk litteratur um
mål, so hadde han då Wilh. Grimm, Ueber deutsche Runen (1821).
Ho kjem fram i ekscerptsamlingane hans; han samla umhugsamt
det han kunde or litteraturen um run-innskrifter i Noreg og ser
skilt i Bjørgvin bispedøme. Og ho kjem fram — det hev mest
interesse — i det at han gjorde runegranskingar i marki. På
ferdene sine rundt um i bygdene i Bjørgvin bispedøme var han
stendigt på leit etter runemonument. Han spurde upp monument
som Ole Worm, Milzow, Strøm, Kluwer hadde nemnt, gjorde
nye rit og teikningar, og fekk upplysning um lagnaden åt dei
av desse monumenti som då var burtkomne. Og han leita etter
nye innskrifter, i kyrkjor og på kyrkjegardar. Han var mykje
ihuga i det arbeidet. Den 23. juni 1847 drog han um morgonen,
i lag med provsten i Nordfjord og arbeidsmannskap og eit heilt
fylgje — 10 mann i alt — ut til den gamle soknekyrkjegarden
på Selja som var nedlagd for 200 år sidan, og skulde uppedaga
runsteinar. Dei grov i solsteiki halve dagen og meir, men »Ud
faldet svarede ikke til vore Forventninger; thi vi fandt kun i
Landgangsbryggen en Steen med et ganske interessant Boe
mærke, men forresten Intet, uagtet vi flittigen undersøgte den
hele store Kirkegaard med vore Brækstænger og Spader.« Ikkje
dess minder gav dei seg i veg att same dagen um ettermiddagen
kl. 5, ti mann på nytt, og skulde freista millom klosterleivningane
og i klosterkyrkjegarden (227 c).
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>