Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
62 Gustav Indrebø
til då hadde samla, var »af Bergens Stifts Almuesprog«. Men
berre i liten mun, di verre, hev Christie gjeve nøgnare upplysning
i ordboki um kvar innanfor dette store umkvervet han hev høyrt
dei einskilde ordi. I fyrearbeidi gjev han slik upplysning for
nokre fleire ord, og upplysningane derifrå er førde yver i utgåva
her [i klomber]. Men endå um me legg saman både dei ord som
han heimfester i sjølve ordboki og deim som fyre-arbeidi heim
fester, vert det meste av tilfanget ståande att utan annan merkje
lapp enn: Bjørgvin bispedøme.
Nokre slutningar karm me like vel draga um kvar innanfor
bispedømet Christie serskilt hev funne det attståande tilfanget
og (forutan i bøker). Me karm dertil visa at sumt hev han henta
utanfor Bjørgvin bispedøme.
Um sumrane budde Christie mykje på landet i Fana (Mid
hordland), på garden Fjelltveit i Hausdalen. Mykje tilfang hev
han då visseleg frå Fana-målet, endå um der ingen stad er gjort
serskild merknad um Fana, anna enn i Bg. M. 179, 9 h. Tvo
heimelsmenn som Christie hev nytta, kjenner me på namn, Odd
K. Gjelle frå Voss, og C. Garmann på Bolstadøyri i Ævanger,
inst ved Osterfjorden (sjå her framanfyre under manuskripti 179,
12 og 179, 9 f). Gjenom deim — og visseleg fleire — hev Vossa
målet vorte godt repræsentera. Av andre »Landmænd« som
Christie hev havt samband med, karm me nemna bonde Baard
Sjurdsson Austefjord, Strandvik i Midhordland, bonde og
stortingsmann Johannes O. Veset, Haus i Nordhordland, skule
haldar Aamund Sangolt, Sund i Midhordland. Dei hev visseleg
og vore heimelsmenn for ordboki.
Ei rettleiding er det ogso å vita kvar ferdene til Christie hev
gjenge. Me skal telja upp dei ferdene frå og med 1824 som me
hev funne notatar um i dei antikvariske manuskripti etter Christie.
Me tek med — etter andre kjeldor — nokre ferder frå fyre 1824
og. Tal i parentes viser til handskrifter på Bergens Museum.
1816 gjorde Christie ei ferd, etter Stortinget var slutt, frå
Oslo yver Trondheim til Kristianssund (handskriven biografi i
Det Norske Riksarkivet. »Morgenbladet« 1868 nr. 129).
1817. 20. mai — 6. juni gjorde han ei lystferd til Stord i
Sunnhordland i lag med Lyder Sagen og eit par Quodlibet
vener til. Christies dagbok frå ferdi finst i Bg. M. 811 A, 10.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>