Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Innleiding 65
1849. Um sumaren var Christie til Askvoll (179, 9 e. 187 a, 12).
Christie hev vel reist meir dg, men me hev ikkje funne meir
serskilt nemnt i dei berga manuskripti um antikvariske og språk
lege emne.
Sumarferdene 1846 og 1847.
Ferdene til Christie kunde vera verde eit serskilt kapitel.
Dei var ikkje berre granskings- og samlarferder, men likso vel
moro- og rekreasjonsferder. Christie var mann til å få mykje
ut-av deim både på den eine og den andre måten, endå um han
ikkje var so sterk til helse etter 1822 som fyrr. På desse ferdene
kom det rike humøret og livsmodet hans til fullnads fram. Han
naut den fagre naturi, fiska laks og aure, salutera med båtkanonone
so sant eit høve baud seg, heldt fest um bord og på land, og livde
glade dagar. Samstundes samla han »Oldsager og Naturgjen-
:stande«, »hvorhos jeg ikke undlod at gjøre lagttagelser om enhver
anden Sag, som, efter min Formening kunde være af nogen Inter-
esse for Museets Best.yrere«; »om Folkets Levemaade, Klæde-
dragt, Husholdnings-, Arbejds- og andre Redskaber, om Folkets
Sæder, Overtroe, Vedtægter, om mig forekommende Folkesagn,
om Folkesproget, mærkelige Stedsnavne, Naturphænomener m.m.«
(Bg. M. 189 a, s. 17). Når han vende heim att til Bergen, var
både helsa vorti betre og Museet rikare.
Ferdene 1846 og 1847 er dei langvarigaste samlarferdene som
han gjorde, og dei som me kjenner best. Christie førde dagbøker
heile vegen på desse tvo turane (avskr. i Bg. M. 227, b og c).1
Me vil setja hit nokre utdrag or desse dagbøkene. Helst um slikt
som ikkje kjem anten det antikvariske eller naturhistoria ved.
Desse dagboks-uppskriftene gjev drag til karakterbilætet åt den
mannen som skreiv deim.
For sumaren 1846 leigde Christie ei harding]akt »Fllida«.
Han drog ut i fylgje med eldste son sin Wilhelm, som då var
undertolldreng i Bergen, ein yngre mann av ætti Koren, og so
ein tenar, forutan harding-mannskapet som høyrde jakti til. Dei
var vel budde med viktualia då dei for, både vått og turt. Frå
Bergen siglde dei 19. juni, og drog fyrst til prestegarden i Askvoll,
dei skulde vitja heimen åt yngste son til Christie. Der byrja det
1 Originalane hjå yverrettssakførar W. F. K. Christie, Hamar.
Um ferdi 1846 skreiv han ein vidsveimd relasjon og til styret for
Bergens Museum (Bg. M. 189 a). »Det torde være mueligt, at, hvor
übetydelige disse lagttagelser, Bemærkninger og Oplysninger end maatte
være, der dog i samme kunde indeholdes et og andet, som i Tiden kunde
findes at være et brugbart Material for kommende Grandskere.« Um ferdi
i 1847 skreiv han ein »Indberetning« som finst i Bg. M. 193 i.
5 — Christie: Norsk Dialect-Lexicon.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>