Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
88 Gustav Indrebø
hadde studera for lite sjølve målbygnaden, — grammatikken og
ljodlæra i dei vestlandske bygdemåli, og hadde ikkje kunnskap
um dette i seg frå barnsbein heller. Dialekten frå barndomsbyen
Kristianssund hev han havt i seg, og han livde so lenge i Bergen,
at han hev fulla vorte tolleg innlivd i by-dialekten der og. Men
bygnaden i dei sermerkte bygdemåli ikring Bergen fekk han
aldri nok tak på. Det hev valda store lyte i ordboki. Ljodformi
i dei ord han fører upp, vert ofte falsk, endå um glosa er faktisk
nok, og tydingi rett. Bymåli i Kristianssund og Bergen hev t. d.
berre hard g og k framfyre ljodlette vokaler — burtsét frå bikkje
f., ikkje, og i Kristianssund nokre ord til —, og berre g, k er det
i dansk. Christie kunde aldri verta stød på når bygdemåli (på
Vestlandet) hadde g, k, og når gj, kj. Han gjer ei mengd feilar av
typen Tungjemål, Tungjerot (for Tunge-), hev ymist ein falsk
/ elles: springja vb.; og på hi sida: former som spøka, som ikkje
høver med vestnorske bygdemål. I dei bymål som han kjende
og i dansken var han dessutan van med at ord som tunge (Kristi
anssund og: tung) hadde eins utsjånad i grunnform og samansetning.
Han var ikkje nok inne i ljodhistoria til å skyna skiftet (ei) tunga
— tungerot i dei sudvestlandske bygdemåli. Og so vart det ein
skadbrote med falske samansetningar i ordboki av typen Tungarot,
Hesftatre,2 og det fyrrnemnde gatalæggja som me hev tala um
i ein annan samanheng. Christie fører upp falske dialektformer
av andre typar og, t. d. objudinn, rygbriotin, frusinn, Kjæll for
>>Kæll« d. e. kall, gn. karl, omgjænga vb., upljosa vb., Øjsa for ausa i.
Skilnaden: olagZø adv. — ol&gleg adj. hev ikkje grunnlag i bygde
måli. Christie gjer den skilnaden ofte. Kryssingsformer av norsk
og dansk er t. d. Færga sideform skal vera til Farja f, Kadna
støpar, Uka, Bidder (jamsides Biddar), Klamphougger, ohjemla
(jamsides oheimla), ymse refleksivformer på -es.
Falske hypernorvagistiske former er t. d. bokna, Rak, sluk
sideformer skal vera til bogna vb., ragg n., slug adj.; føjra vb.,
oøjva> oøjvd, øjrast; Jammar (= jammer; hev Bergens-uttala av
endingi -er havt noko å segja for dette siste ordet?).
2 Kann henda hev det villeidt honom ein grand her at Bergens bymål
ender og då hev slike historisk sét uekte former som fillabåt. A. B. Larsen
og G. Stoltz, Bergens Bymål s. 48.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>