- Project Runeberg -  Nordens kalender / 1931 /
53

(1931-1938)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Tredje gongen av Olav Duun

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

TREDJE GONGEN

der han kom. Som dei hadde dømt han til døden
og ikkje sagt han eit ord om det. Ho måtte
fortele han draumen. Lo så ein liten stubb og vilde
snakke om einkvart anna. Da merka ho han var
redd. Nei ikkje redd, men der för noko over
andlete hans, som ei hjelpeløyse eller ei sorg; det
var der enno da han kneip i hop auga og smilte, —
han kom i hug det var ho som hadde drømt det!

Da trudde ho og på det. Ho kunde ikkje verje
seg mot det, ho måtte sjå han som ein dømt
mann, lagnaen stod breiddmed han og bia. Ho
visste med det same at slik kjem menneske ut for
overmakta somtid, der finns ingen som kan hjelpe
det. Da først veit ein litt om kven ein er.

— Du reiser ikkje ut i dag da? seier ho.

— Så? svarar han; det var alt.

— Ja men du må ikkje det! bed ho.

Han smilte småøygd og stilt med han stod og
såg på henne.

— Å jau, eg må rett det, san.

Først gav det ein styng i henne; men etter kvart
vart ho forunderlig glad. Ho kunde ha ropa
namne hans høgt, ho kunde ha gjort mange
dumme ting.

— Ja visst reiser du like vel, sa ho.

For kven var han visst han ikkje det hadde
gjort? Da hadde ho mista han med det same ho
fekk han, ho hadde vore vanæra, slik ho ofte tykte
for lova gjenter var.

— Eg skal stå på haugen og veifte etter dykk
med striforklæe når de fer!

— Jaja. Ingen skade med litt høgtid ein og
annan dagen slik.

Han hadde komme eit steg nærmare, for no
skulde han gå. Ho retta seg opp og stod på tærne
i mot han, såg han ovmodig men lystig i auga:

— Rettno er eg like høg eg som deg.

Litt etter skildest dei.

Ärna ønska at ingen fleir måtte få høre
draumen hennes. Folk skulde aldri høre slikt. I eine
stunda syntes ho det heile var berre dikt og vas,
i den næste steig det så levande fram for henne at
føtene vilde svikte. Aleksander vart bleik da han
hørte det, men han reiste! det var i alle fall
sanning.

Dei fekk høre draumen hennes alle samen. Dei
lo for det meste. — Vent og sjå, sa dei.

Notbasen fekk om sider kona si rolig. Så gjerne
han vilde, kunde han ikkje sette ut avferda for
hennes skyld, slik det høvde med bruke og silda.
Ho vilde det ikkje heller, sist på.

To unggutar spurte seminaristen: Det hendte
da visst at der var varsel i ein draum og? Ein
av dem hadde lese om slikt, ikkje så lite, ja
viten-skapen no for tida var vel ikkje så viss på det var
berre tøv, den heller? Kanskje her finns makter
som vil varsku oss? Seminaristen såg på dem,
drog ein gong på den munnvika og ein gong på
den, så smilte han og snudde seg frå dem; for
evig, kunde ein tru. Han var ventelig arg på dem
for det dei berre kalla han seminaristen. — Nei,
ålvors snakk så var dei einige med han, sa dei,
men det kunde vera arti å diskutere litt. Hadde dei
så visst havt erend til Leinsund i dag, da hadde
dei fare.

Det bar så underlig til at dei fekk erend. Dei
møtte telegrafdama, ho för ute og sveiv som eit
anna menneske i dag, ho hadde vikar. Ho prata
og fjasa som ho skulde vera ei gjente her utanfrå
havskjæra, enda ho var så byfin og så fin at det
var ei skam å snakke til henne — ikkje som dei
trudde ho skulde til byen og møte nokon kjærest!
Alle menneske her ute var glad i henne, ho var
slik.

— Er de så pynta i dag! lo ho. Skal de
verke-lig vera med meg på vegen? Men huff, eg gruvar
så, for eg veit eg blir sjøsjuk, eg hatar denne
sjøen dykkar!

Ja det var no så. Sjøen kunde vera hard han,
så blaut han var. Men kva skulde så dei seie,
som måtte slite levedagen til endes i lag med han?
Dei spytta, men det var elles med friskt mot, han
hadde ikkje jaga dem enno.

— Men vågar frøkena legge ut i dag da? sa
ein. — De har da hørt draumen? sa den andre.

Da lo ho ned over dem, herre gud kor ho
forvilla ein stakar med låtten sin:

— Skal no de ög til å røre om denne gjenta
og syne hennes! Eg trur jamenn folk blir galne
av å bu her ute for lenge.

53

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 20:03:23 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nordkal/1931/0059.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free