Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Tredje gongen av Olav Duun
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
TREDJE GONGEN
Ein vart i alle fall galen av å sjå på henne for
lenge. Den eine merka den andre vart det. Auga
hennes var like milde enten ho lo til ein eller
var forarga. Der til såg dei ut som dei visste all
ting. Som dei visste det på sin eigen måte.
— De skulde heller morske dykk opp, gutar,
og bli med. Det var ikkje det spytt for mykje
om de følgde meg på vegen, så langt som til
Leinsund.
— Det er just det eg står og seier eg, påstod
den eine.
— Ja eg er no piska til det, lo den andre. For
eg har erend.
— Sjå der, sjå der!
No smilte ho slik. Og auga kvilte på dem eit
sekund, og den eine glømte at den andre var der.
— Men sei meg, spurte ho, det er da fint vër
på sjøen i dag?
— Ja kan ein ønske seg det blankare enn blankt
da? Nei, og litt sjøbord det fekk ein finne seg i,
skulde ein bu her ute, san. Dei let auga gå
utover sjøen som snarast.
Så gjekk ho-, og dermed var det avgjort at dei
vart med på skjøyta i dag. Ja da. Og erend hadde
dei, ålvors snakk, dei vilde ruste seg til
kveite-fiske, anna var her ikkje å ta seg til i haust; dei
fekk slå seg i lag.
Den eine av dem heitte Torberg, den andre
Sigvald. Det snudde seg slik at Sigvald vart ikkje
med på denne ferda. Han fekk telegram frå
Australia, frå morbror sin, om at han kunde få
komma dit likevel, og at han burde reise så fort
råd var. Det vart anna enn ei fjasferd til
Leinsund. Men Torberg måtte i veg slikt slag, han
fann ikkje på eit ord å undskylde seg med.
Ein på Nordholmen var der som var ulykkelig
den dagen. Det var sonen til notbasen. Han
hadde förgått seg så i gårkveld, han kom visst på
straff. Det var faren si skyld, for det var han
faren skulde ha leigd med notbruke og ikkje den
andre, han var 16 år. Faren hadde svara tvert
nei, alt det han bad. Han gjekk ute i halvmørkre,
han burde ha hengt opp seg! Han steig midt i
vegen for Ovidia, som kom stigen frammed sjøen
og skulde heim. Ho var berre 14 år — det var
det som gjorde henne så ubergelig vakker! Dei
stod der litt, og ho vart blyg og visste ikkje kva
ho skulde gjera. Da smilte ho til han. Han vart
glad gjenom all sin kropp, han vart vill, og så
sa han’:
— Står du og ler åt meg?
Ho såg på han, og da var det nær på ho lo ja,
han visste ikkje stort meir, han tok i henne og
sette henne att-å-bak, inn i opne naustsvala. —
Ler du åt meg? sa han. — Ja, sa ho, for enda
var ho ikkje redd, han var det visst ikkje sjøl
heller?
Han tenkte ikkje å drepa henne, han tenkte
ingen ting. Ho bad han berre vera snild, kanskje
ho ropa det? Og så kom seminaristen i døra.
Andlete hans synte seg så breit det var, det lyste
kvitt i halvmørkre. Og seminaristen han kom til
å melde det for øvrigheita, det er straff for å ta
borti den som er så ung, han såg det på andlete
hans i dag, at han kom til å gjera det først han
nådde fram til Leinsund. Han måtte aldri
nå fram til Leinsund!
Det var ikkje langt millom huså på
Nordholmen, og folk møtte Ärna utetter føremiddagen
og såg på henne. Ho vart meir og meir harm på
seg sjøl for det ho hadde våsa i veg og fortalt
denne draumen, ho som visste det så vel førut
at slikt skal ein vera åleine om å vita. Folk var
reint uhyggelige å sjå til, særlig dei som skulde
ut i dag.
Ein mann gjekk beint på henne og spurte om
ho stod ved draumen sin. Hadde ho verkelig set
at det var nyskjøyta som gjekk under? Og trudde
ho på det? Han var berre midalders mann, og
ungkar, men dei kalla han Enkemannen, for han
hadde vore forlova med Enka her på Nordholmen
i mange mange år og rådde som ein husbond der
i huse. Han var mektig som keisaren når han
kom stimande; men var der einkvart uvanlig på
ferd, da stamma han. Det same gjorde han når
han ikkje snakka sant, sa vondt folk.
— Jaså, du skal vera med nordover i dag? sa
Ärna.
— Nå, det v-veit eg no ikkje. Nei da, eg s-spør
deg berre lei eg.
54
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>