Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Tredje gongen av Olav Duun
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
TREDJE GONGEN
kunde ikkje tru guten var så galen at han la i
veg? He? Nei Australia, godt folk, han kunde
fortele dem det var langt dit, hadde dei ikkje lese
lite grand? og set ein globus og–
Ordmengda våla til vérs frå han, som røyken
frå ein brennande tanghaug, — Justin var ikkje
bedre menneske enn at han gledde seg. Ikkje
for det, det såg ikkje ut til at enka vantrivdes no
heller, ho gjekk der til og frå og var som ho pla
vera. Og det var så: Enkemannen hørtes ikkje
dummare han enn andre, når ein da ikkje var så
vond at ein hørte på det han sa. Hørte ho ikkje
no heller:
— for same kor helst du kjem, så er jorda
full-sett med innfødde folk og all slag folk, eg har
både lese om dem og set teikningar av dem: dei
talar utanlandsk alle i hop, og kor les tér dei seg,
trur du! dei går gudhjelpemeg nakne eller
halv-nakne midt for auga på folk, enda dei er svarte
på kroppen storhopen av dem — det er utrulig!
Nei, san, det er ille nok her heime, men du blir
da ikkje i-helslegen og oppeten levande–
Enkemannen hadde ikkje lært å lesa med han
gjekk på skolen, han vart konfirmert som
hedning, av einske nåde, men sia gnudde han og las
alt som prenta var, og fortalde.
Justin var for urolig, han slepte arbeide sitt.
Einkvart måtte han trive til.
— Du kjøper meg gjerne ein pakke
røyketo-bakk i Leinsund du? sa han. For den han
Finnstad har, det er berre finnhøy.
Enkemannen vart gledelig så rar. Først lest
han ikkje høre. Men så måtte han til.
— Sannelig om eg det veit, stotta han. Han
snudde seg til enka og sa det same: — Eg veit
sannelig ikkje korles eg fer åt no. Eg har fått
telegram eg og, forstår du! Rettelig eit bakvendt
eit. Eg ser ikkje anna råd: Eg må sette ut denne
ferda til Leinsund.
Enka såg undrande på han. Gud signe henne
kor opp i under ho var! Justin såg på henne og
venta. Han venta å få sjå store ting i andlete
hennes.
Så fortalde Enkemannen, med mange små
stot-tingar, om telegramme. Det var frå byen, frå
sjølve kjøpmann Steensholt, det forstår seg ja!
det var spørsmål om han vilde komma dit og sjå
på det gamle notbruke, dei tenkte å få det sett
i stand og få det utkommandert med äller som
først. Så denne reisa til Leinsund i dag, den —•
— Få sjå det! bad enka. Eg har aldri. set eit
telegram enno, det er sant det.
Justin kunde ha gråte av giede, Gud sjøl måtte
ha gitt henne dei orda der! Men det var tungt
å tenke på at eit menneske som ho skulde vera
så blind! — slik er vel den jordiske kjærleiken,
kom det for han.
Enkemannen vart ikkje raud, han stamma berre
litt meir enn før. Han hadde ikkje telegramme,
— he! eit telegram? det er berre ei papir-remse
det, den kasta han på golve oppe på kontore.
Kan folk få lov å sitte slik og lyge? spurte
Justin seg, det var halvt ei bøn. Nei, slikt går
ikkje for seg, det kjente han gjenom all si sjæl.
Det gjorde det heller ikkje. Telegrafdama vart
sendt dit, ho gjekk nedpå vegen tett framom
vindauga i Enkestua og helsa enda opp til Justin
der han stod og såg ut. Det skjer det som skal
skje, for di det er det rette, han kjente seg hjartans
uverdig til det som no var i vente. Hein opnå
glase og spurte:
— Har De sopa ut det telegramme han Frans
fekk her i dag?
Det visste ikkje ho noko om, ho var fri i dag.
Men hadde her komme noko telegram i dag da?
Og da ho hørte korles det hang samen med det,
sa ho: — Det skal vi finne. Han skal jamenn få
det ein gong til.
Enkemannen sat like bratt i sofaen. Så
for-herda kan ein bli.
— Kva er det du vasar i? sa han. He! telegram,
seier eg? Det var riks-rikstelefon, din svimling!
Rikstelefon ja, har du ikkje hørt det orde før?
Legg deg ikkje borti det vaksefolk talar om, eg
råder deg i frå det.
Justin såg på henne — Javisst sat ho der litt
fattigslig i auga, torde ikkje rettelig sjå på nokon
av dem, men sjølve sanninga synte seg ikkje for
henne enno. Ikkje enno nei, ho var for godt eit
menneske til det. Og slikt menneske skulde Enke-
56
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>