Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Tredje gongen av Olav Duun
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
TREDJE GONGEN
Ho kunde ikkje nekte seg moroa, ho fortalde
han draumen så stygg han var. — Og kom i hug
eg er sannspådd, varskudde ho han.
Han lo, men ho såg på han at han kom ikkje
til å våge live sitt i dag. Som snarast leika ho
seg med den tanken: kvifor skulde så livredd ein
stakar få komma seg unda når det kneip? Men
ho hivde det frå seg, for slikt var ikkje spörsmål
for eit menneske. Ho hivde frå seg heile plaga!
Ungane ståka med leiken sin austpå stranda,
i dag som elles. Dei var dei einaste vaksne i dag,
tykte ho. Så lykkelig som dei sjaua! Nett slik
som Vårherre hadde skapt dem og hadde tenkt
det for dem.
Enka vart kalla så av di ho hadde gått enke
halve levetida si, frå ho var snaut 20 år til no ho
var jamt 40, dei kom knapt i hug henne ansles enn
som enke. Enda hadde ho vore gift to gonger,
og båe gongene døde mannen om eit års tid, den
eine på sjøen, den andre i senga. Like vel såg
ho ut som ei ungvori gjente, så raud i kinna og
så blank i blikke, ja og så lys og blid. Ho sat
bedre i det enn dei andre uti Singsøyan, ho kunde
ha seid huse og slege seg ned i byen for den saks
skyld. Ingen ein fann rim i at ho vilde ha denne
Enkemannen. Vakker var han ikkje, han var både
skallut og freknut, og der til så var han dum, så
klok han var, reint lekamlig dum, som drengen
hoss enka sa. — Han var for dum til å synde,
påstod andre.
Ho vilde ha han. Og at han vilde ha henne,
det var no den ting, men aldri vart det så at dei
gifta seg. Han måtte vera redd han levde ikkje
stort lenger etter det. Ovtruisk var han for to,
han var mørkredd som ein unge, hadde drengen
hos enka vorte vår.
— Han er ein unge, sa same drengen i dag.
Enka heldt dreng, som dreiv sjøreidskapen for
henne, — så var ho da med i live ho ög, pla ho
seie. Han ho hadde no var berre ung, ikkje
halvparten så gammal som ho, men enda gjekk han
og var hugteken i henne og trudde han skulde
få henne; han heitte Justin. — Ja ja ja, sa folk.
Han levde på det, at ein dag skulde han få syne
henne kven denne friaren hennes var for ein. Han
hadde fått som ein lovna på det, ovanfrå, syntes
han. Det ein ikkje får ovanfrå, det får ein ikkje,
han skjemdest ikkje av at han trudde slik. Eitt
og anna hadde han alt synt henne, men det var
for lite, ho let att auga og såg det ikkje. Ho vart
ikkje mindre menneske for det; ho var stor å tenke
på. Og, som sagt, den dagen skulde komma at
ho såg.
Han trudde det måtte bli i dag. Før kvelden
såg ho kan hende at Enkemannen ikkje var nokon
mann. Det tok han så da han hørte kva Ärna
hadde drømt, og sia såg han det på all ting i
kring seg: Gud vilde la einkvart skje.
Først hadde han ønska at Enkemannen la i veg
med skjøyta, for det var da i alle fall spådd at
det skulde gå gale med den-, og døy skal vi alle.
Men så sansa han seg og vart forfæld, han
skjemdest for Vårherre, — her står eg og er ikkje
likare nei, sa han, du ser meg her, men for resten
så trur eg ikkje på draumar, det gjer berre dei
som ikkje har noko anna å tru på. Spar live hans
visst du kan! bad han.
Men Enkemannen, han var alt skræmt, det såg
ein med det same ein såg skymten av mannen.
Og i veg måtte han, for han hadde lovt enka det
høgt og hellig, jøss og javisst, han skulde av stad,
han skulde ta symaskina hennes og fara til
Lein-sund, til maskindokteren, og få henne i standsett
med ein gong, lit på det, og kva meir var det ho
skulde ha utretta? berre sei i frå!
Det var slik djup ein fred over øyane i dag,
midt i all sjøduren, det var lysande lysblått all
vegen, utetter og innetter. Vårherre smilte i dag.
Ja ja, sukka Justin.
Og rett nok: Det leid ikkje langt ut på
føremiddagen, da kom Enkemannen bort til dem og
sat og prata, og han var enda større og sterkare
i måle enn elles, og så stamma han! Så pass redd
var han. Nå ja, Enkemannen kom ikkje til å døy
på sjøen, det visste ein før, men kva utveg fann
han på no, utan å vanære seg?
Enkemannen var ikkje den som prata om
kvinn-folkdraumar og varsel eller slikt tull. Nei, men
han hadde hørt at Sigvald hadde fått telegram her
i sta, om at han skulde reise til Australia. Han
55
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>