Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Tredje gongen av Olav Duun
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
TREDJE GONGEN
med skjøyta og brygga, og hadde eit ord til kvar
av dem som kom; han var galningen den same,
det var da ikkje kirka her. Dei kom no etter
kvart og kleiv om bord, somme skyndte seg og
somme ikkje, og midt i låge kom Ärna og gjekk
om bord ho og.
— Nei men sjå på det der! tok Mikal i.
Ferda-klædd frå topp til kjøl — skal du vera med da?
Han var opp i høgste undring.
Det var visst dei andre ög, dei såg ut slik.
Aleksander såg mest skræmt på henne, og sette
motoren i gang.
— Skal du vera med? spurte han da ho kom
atter-ut.
— Ja, visst eg får lov så.
— Skal du til Leinsund?
— Ja. Og så heim att.
Han sa ikkje meir. Han lya etter motoren og
greidde litt med han, han fekk finne seg i å gå
i tomgang enno ei stund, gampen. Enda ein gong
såg dei på einannan. Så gjekk ho fram til
stormastra og stod. Ho snudde ryggen åt han.
Men ho hadde komme til han; ho var hoss
han. Ho stod her og hørte han til. Og det
visste han.
Ho såg på dem som skulde vera med, dei som
var om bord, og dei som kom. Ein for ein såg
ho dem. Da ho gjekk heimafrå, da tyktes det
som ingen ting for henne. Ho vilde syne dem at
denne dagen var som ein annan dag, der skulde
ingen vera redd. Og Aleksander skulde ikkje vera
åleine, ja ho visste ikkje for vel kva ho hadde
tenkt alt samen. Men no da ho såg dem her, da
tok det henne med övermakt. Ho mintes ein
hending frå byen. Der stod ein mann på torve
ein gong og song ut til folk: — Eg ser dykk alle
samen, i eit nytt lys! Eg ser dykk under dødens
synsvinkel! Politie kom og miskunte seg over han,
stakaren var galen. Kanskje han hadde det ikkje
så godt som han var galen til?
Ho visste det var ikkje anna ho såg, enn at
menneske går med lagnaen sin breiddmed seg.
Det har så gjort, og det må så gjera, og det er
noko som alle veit. Ho hadde set det før, så mång
ein gong når ho såg på folk.
Mikal kom subbande med båtshaken i handa.
Ein ungdom på over 60 år.
— Jaså, Ärna, du trur ikkje ein gong på din
eigen draum du? Du burde skjemmast!
— Jau eg trur på han. Men eg vilde ikkje De
skulde vera så umannslig. Og nyskjøyta og eg vi
har no liksom slege oss i hop vi.
Der hadde komme fleir ned til sjøen enn dei
som skulde vera med, der var alitid eit erend ein
kom på i siste lita, eit ord ein skulde ha sagt
nokon. — Og no var vel alle om bord som vilde
bli med? Finnstad spurte, for no var klokka eitt.
— Ikkje seminaristen, svara sonen til notbasen.
Det var sant. Kva var det han heftast med?
Kofferten hans var da om bord?
Somme påstod at klokka til Finnstad gjekk for
fort. Sonen til notbasen hadde det vondare enn
vondt. For kom ikkje seminaristen og vart med
–meir torde han ikkje tenke! Nei for faren
var med om bord, — men han kunde vel bli
berga han –
Ärna ansa på guten som snarast. Ho visste
ikkje kva han var så bleik for. Der stod far hans,
han var rund og rolig som ein notbas skal vera.
Der stod mannen med handa i fatle, det var halvt
som han smilte? Kanskje handa var vond.
Finnstad gjekk rundt og såg over fartye, han var tålig
trøysam å sjå på i dag. Telegrafdama var
lett-hjarta og modig, og Torberg fjasa med henne og
gjorde seg voner, arme guten. Den andre gjenta
stod tett ved Ärna, og såg ulykkelig ut for det ho
skulde reise så langt heimafrå. Der var dei alle
ja; den var slik, og den var slik, og mest alle
hadde ho gjort vondt i dag.
Aleksander hadde raka seg før han för; ho
undrast litt på kor ein fiskargut hadde fått det
andlete frå, det var da bort i mot vakkert? og så
ulikt dei andre?
Men kom ikkje seminaristen da? Dei spurte
nokon kvar, og ungguten på brygga vart så urolig
han tok til å gå oppetter vegen. For kom han
ikkje no, da fanns der ikkje von, da vart det
melding og øvrigheit og — — men i det same
ropa han:
— Der kjem han, hurra!
58
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>