Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Tredje gongen av Olav Duun
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
TREDJE GONGEN
Der kom han ja, og han kom fort, han såg på
klokka og steig om bord, med kappa over armen;
ein smågut kom berande med handkofferten hans.
— Sein men verdig, som ein handelsreisande,
sa Mikal. Er vi no mange nok? sa han.
Ja ha, no var dei ferdige, og no bar det i veg,
landtauge gjekk, og skjøyta bakka frå land så
sjøen kokte unda propellen. Justin ropa ei
heising opp til Enkemannen, reint lystig, han var
ungdom han og i dag. Så slo dei forover og för,
vestgjenom blanke sunde. Motoren stampa trygt
og truverdig. Han gjekk god for hestekreftene
sine.
Ärna gjekk atter-ut og stod og heldt seg i
mesanvante. Ho var like i nærheita med Aleksander.
Nærmare einannan enn dei var no kan ikkje to
menneske komma.
Vest gjenom sunde til moloen, så bar det
nordover, med Sundholmane på vestsida og
heim-lande i aust. Når det er så blankt der ein fer,
da er det hardt å kjøre beint ut i grovaste
stor-sjøen, men det må gjerast. Holmane på vestsida
gav opp, og der med hadde dei sjøen slik han
var i dag.
— Rettno er vi i faresonen, Ärna! ropa Mikal.
Dei var det. Dette var Sundgape. I le hadde
dei siste oddane av heimlande, eit ovselig brott
oppetter svaberge. Det var dauen det, i fall
motoren stoppa. Det visste alle.
Skjøyta løfta seg og sette, løfta seg høgare og
sette djupare, slik at håre løftast på hovude. Der
fekk ho han frå sida, frå vest, og reid så det var
ein lyst, ned i dalen og opp over vassveggen så
bratt og blank han var. Telegrafdama vart bleik,
ho som ikkje hadde vore med på slikt, men
Torberg stødde henne og sa einkvart trøstande til
henne. Dei andre ansa ikkje større på sjøen, dei
hadde fare han verre mång ein gong, dei la meir
merke til kor les nyskjøyta tok han. Ho gjorde
det fint. Og motoren gjekk sin jamne gang.
Sola skjein fram, og da kom Ärna i hug at slik
var det i draumen ög, nett same lyse fall over
båten da han nådde hit. Eller hadde ho drømt
det sia, drømte ho det no? — Kanskje eg berre
har drømt at eg drømte? Ho såg på Aleksander.
Da gjekk der ein liten smil over andlete hans,
gud veit kva han tenkte. Og der såg ho folk på
berge heime. Var det verkelig så langt dit?
Der stod mange på haugen og såg etter dem.
Det blir gjerne til det, når einkvan fer eller kjem,
og ein har god tid. Enkemannen sa einkvart rett
som det var, men dei hørte ikkje på han.
Skjøyta gjekk. Vest gjenom sunde og nord
gjenom sunde, ut og ut mot Sundgape og
sjø-borden; rettno var ho der. No fekk ho første
stordønningane.
— Visst motoren slær klikk for dem no, kom
det frå sonen til notbasen.
Dei og vardest at sola skjein fram i det same.
Somme gav det eit lite nogg i, andre syntes det
var som ei signing over ferda.
Nei da, motoren stogga ikkje. Farten var stø
og stri. Med kvart var skjøyta borte nedi
båre-dalane, berre mastrene syntes, så kom ho opp att
skytande, på hald, og synte fram heile dekke,
mastrene skreiv store bogar i lufta. Det gjekk,
det gjekk.
Endelig sa ein:
— No er dei utom det verste.
Ja. No var dei det. Alle andleta forandrast,
den eine såg det på den andre. Ja ja ja.
Ein kunde sjå dønningane heilt hit, kor dei
gjekk som store mørkblanke berg over dypta. I
10 for seglaren og i le for han var det kvitkokande
brotte over grunnane. Rett som ein stod og såg
på det, kor det kvervla og kokte, kor det tårna
seg i vëre, så veik sjøen unda, og brune tåren
steig fram, brune levande sjøgrunnen. Så kokte
det kvitt i gjen, og somme stader leirblått. Med
kvart dukka dei velkjente skjærskoltane opp or
djupe, svarte og blanke som rygg på kval, synte
seg og gjekk ned att. Stund og anna fall lyse på
øyar og holmar og bar dem i møte med ein, lyng-
11 augar og nakne berge, der ein hadde stått og
gått, det ein såg alle dagane åre rundt og enda
ikkje såg det. Høgstein smilte med bratte
berg-veggen mot dem, eit grått og utgammalt andlet.
Skjøyta ho gjekk. Dei gjekk trøytt av å sjå
etter henne, mange, og tok så smått til å leite ned
frå haugen, dei hadde anna å gjera enn å stå der.
59
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>