- Project Runeberg -  Nordens kalender / 1937 /
84

(1931-1938)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Samarbeid millom norderlendske kringkastarar av Olav Midttun

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

SAMARBEID MILLOM NOR DERLEND SKE KRING K A S T ARAR

Frå den andre nordiske
programsjefkonferansen
i København, september
1935

det so mykje i sjølve dei menneskjelege og naturlege grunndragi som er sams
og like, at det likevel vert lett å skyna. Ein treng berre minna um upphäv,
ætt, livsvilkår, natur, vërlag, strid mot ei hardsett, veldug natur, arbeidsliv,
næringsvegar, livssyn, institusjonar, sosiale vilkår, politiske tilhøve,
upp-seding, religiøse fyrestillingar, livsfyresetnader, vakse fram ved landelægje
og historiske høve og ved aktivt samarbeid på ei mengd umråde gjenom lange
tider. Heile den ålmenne kulturinnstillingi er heller lik, so reaksjonen
andsynes alle slag livsovringar vil ha mykje sams og gjera at ein skynar
kvarandre beinveges og kann læra av kvarandre og få kveik frå dei same
kjeldone.

Nett kringkastingi rekk lenger ut til heile folket enn nokor onnor
hjelpe-råd. Ein kann føra alle lag i folket i hop, ikkje berre i eit land sjølv, men
ög til grannelandi, når dei skynar måli. Dei breide lag i folki kann koma
i samarbeid med kvarandre og få godt av alle greiner i kulturarbeidet, og
læra å skyna på samarbeidet beinveges. Det vert ikkje med teoretiske
utgreidingar, men med verkelege levande tilskipingar. Ein merka det t. d.
so sers godt med det j oleballet Sverike og Noreg hadde i lag, kor det førde
folki i hop, og opna augo hjå ålmenningen, kva dei hadde moro av og hygde
seg ved i kvart land, skilnad i lag og lynde, skjemt og løgje, og likevel ein

84

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 20:04:03 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nordkal/1937/0086.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free