Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Samarbeid millom norderlendske kringkastarar av Olav Midttun
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
SAMARBEID MILLOM NOR DERLEND SKE KRING K A S T ARAR
Frå den tridje nordiske programsjefkonferansen i Oslo, mai 1936
Fra vinstre : programsjefane Olav Midttun (Noreg), Jonas Thorbergsson (Island), Sven Dymling (Sverike), Emil Holm (Danmark) og Ilmari
Heikinheimo (Finnland)
sams smak og sams gledor. Eg trur det var meir verknadsfullt enn månge
teoretiske utgreidingar um det verd som norderlendsk samarbeid hev.
Det er heile folket som skal stiga fram gjenom kringkastingi so sant
programfolki maktar uppgåva si, å gjeva ei avspegling av alt i landet. Det
ein skal få med, er det høgste åndsliv, vitskap og gransking, kunst, musikk
o. m. a.; og det ikkje berre i umtale eller ved skildring, men ofte beinveges
frå dei folki som skaper det nye. Ein skulde og få eit bilete av sosialt liv,
arbeidsliv, dagleg liv, ålmuge-hugmål, spel, leik, dans, barnetimar,
husmor-interessor, vareprisar, vind og ver, heile det mångsidige moderne livet. Det
er liksom sjølve folket, mangmannen, frå det eine landet kann koma inn i
stova til dei i det andre landet, setja seg ned og vera gjest eller læremeister,
skjemtegauk eller vismann. På ein heilt annan måte enn fyrr kann dei læra
kvarandre å kjenna og koma i samband med kvarandre, i sitt eige miljø,
i sitt eige åndsarbeid og livsutfalding, både slik folket lever i dag, og slik
det hev levt i farne tider, og slik folket ser på seg sjølv og sitt, attåt at ein
kann få det tydt og tolka gjenom reporterar frå eins eige land.
Yver og attum kravi og ynski um samarbeid sviv trugande skyer frå
85
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>