- Project Runeberg -  Nordens kalender / 1937 /
86

(1931-1938)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Samarbeid millom norderlendske kringkastarar av Olav Midttun

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

SAMARBEID MILLOM NORDERLENDSKE KRING K A S T ARAR

Europa, som manar folki til å halda fast ved dei kulturverde manneheimen
hev vunne seg ved «fredelege kappsteg». Det er både med giede og otte
ein tykkjest kjenna at ein er den «rolege kroken» i Europa, som hev skyldnad
til å hevda og berga dei ålmenne frie menneskjerettane. Det er noko
symbolsk i det at den fyrste norderlendske samsendingi var frå kvinneligaen
for fred og fridom. Det gjeld å vera med og halda uppe det ålmenne huglaget
for folkestyre, mannemilde, personleg fridom, vyrdnad for rett og sanning,
fri vitskapleg gransking, meiningsbyte og ordskifte, ein fast rettsskipnad,
fordomsfri, allsidig dryfting av livsproblemi og respekt for ærleg yvertyding.

Det at norderlandi stend saman og arbeider i lag på dette grunnlaget
og ut frå desse grunnsetningar kann få verknad utetter og. Det kann vera
eit fyredøme for andre nasjonar i denne upprivne tidi, og det kann få
praktiske fylgjor ved samarbeid med Europa-land og i kringkastingsunionen.
Og innetter er det ei styrkjing å stå i lag til å hevda fridom og sjølvstende
for kringkastingane, til å vinna den eigen-posisjon som kringkastingane må lia
som kulturinstitusjonar, og vil få i det sterkt bankande livet åt folki i framtidi.

Dei som arbeider og styrer i kringkastingane hev eit stort ansvar både
for folket" sitt og for soga. Det vert meldt um strid og kiv i eteren,
kringkastingane vert nytta til å eggja folki mot kvarandre, til å skapa øsing og
så hat. Det vonar me aldri vil skje i norderlandi. Tvertum! Kann me få
arbeida fritt i kvart land, vert kvar einskild rikare i dei innslag ein kann
gjeva, og då vil ein kunna læra meir av kvarandre og gjeva kvarandre meir.
Då vert kringkastingane i norderlandi dei hjelparar og tenarar for
folke-vokstren og menneskjeleg framgang som dei skal vera.

86

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 20:04:03 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/nordkal/1937/0088.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free