Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Det norske Teatret 25 år av Olav Dalgard
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Det norske Teatret 25 år
Siste sesongen, med Knut Hergel som sjef, liar gått meir i klassisk lei.
Tolstoys siste uferdige dramatiske sjølvbiografi, «Ljoset skin i myrkret» fekk
ein stilfull regi, men greidde ikkje vinne den fortente åtliugen. Bedre gjekk
det med den andre russiske klassikaren, Gogol. Hans «Revisor» fekk ei frisk
feiande men noe ytleg tolking i Stein Bugges instruksjon. Sesongen fekk ei
heppeleg avslutning med «Bak horisonten» av 0’Neill, der Knut Hergel viste
sine beste eigenskapar som instruktør.
Teatret kunde opne den 25. sesongen sin med den fremste nynorske
diktaren på programmet, med dramatiseringa av Olav Duuns «Medmenneske».
Knut Hergel løyste her ei vanskeleg oppgåve, og Lars Tvinde skapte ein av
dei mest sermerkte psykologiske studiar som har vore set i seinare år. Med
denne framsyninga markerte teatret grunnlina si frå «Læraren», og slo enno
ein gong fast at det er den fremste tolkaren av norsk folkeliv i norsk teater.
Det norske Teatret har i alle desse år vore ei forsøksscene. Det har
frå første stund stått i opposisjon, kulturelt og kunstnarleg. Derfor har det
blitt eit forum, — ikkje bare for det sernorske, som det var etla til, — men
like mykje for alt nytt som har grodd i nordisk teaterliv i siste 25 år.
Nybrøyting på eit felt innbyr til nyorientering og nyskaping i det heile. Stort
verd har teatret hatt som rekruteringsorgan av nye talent, som her fekk
prøve kreftene i unge år. Ei rekkje av den yngre skodespelargenerasjonen
ved landets hovudscene har vunne sine første laurbær på amatørscena i
Bøndernes Hus. Kunstnarleg har Det norske Teatret hatt den store fordelen
at det ikkje trong bli hefta og hemma av kanonisert tradisjon. Meir enn noe
anna norsk teater har det halde på og utvikla den fremste fundamentale
eigenskapen til teaterkunsten — evna til omskaping, til aktuell forvandling.
Kulturelt har Det norske Teatret frå sine første år fyllt ei viktig oppgåve
som frivillig norsk riksteater, i samme lei som den svenske Skådabanan. Det
har gjennom åra gjeve hundrevis av framsyningar i alle byar i landet og i
ei rekkje bygder, der teaterkunsten var eit ukjent fenomen, og ikkje sjeldan
halden for ein djevelens reidskap. For så vidt har Det norske Teatret vore
ein kulturell utpost for Thalias kunst mot det høge nord.
Sin største kulturelle innsats har Det norske Teatret likevel gjort som
drivande faktor i norsk språkutvikling. I kampen mot den danske
språk-tradisjonen fekk teatret større slagkraft enn noen annan organisasjon
gjennom det levande ordet. Men utviklinga av det nynorske talemålet var inga
125
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>