Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Det norske Teatret 25 år av Olav Dalgard
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Det norske Teatret 25 år
lett oppgåve å løyse. I eit land der den heimlege språktradisjonen liar vorte
splitta i ei rekkje ulike målføre, utestengt frå riksstyringa og den
akademiske kulturen, vil utviklinga av ein sams talenorm ikkje bare bli eit
spørsmål om «strev», men og i stor monn om tid. Eit kulturmål er ein
organisme som ein vel kan skunde på voksteren til, men bare i eit visst mål.
Det norske Teatret liar hatt både dei vanskar og dei gleder som fylgjer med
ein språkreformasjon. Med skodespelarar frå lieile landet, som har
representert alle dei ulike landskapsmål, liar det meir enn noen annan institusjon
vore ein samnemnar, ein fellesfaktor i norsk språkutvikling. Og når denne
utviklinga nå er kommen så langt at striden ser ut til å skulle jamne seg ut i
forsonande samarbeid på norsk grunn, så har Det norske Teatret sin ærefulle
part i dette resultatet.
Men jamvel om målstriden blir likvidert, og Noreg får sitt sams riksmål
i nær framtid, så vil Det norske Teatret like vel ha si oppgåve å fylle i norsk
kulturliv. Det er framom andre folket sitt teater, det er i sine røter eit
fram-hald av den rike norske folkekunsten som bind det gamle og det unge Noreg
i hop, i fruktbar spaning og inspirasjon.
Dette samspelet mellom gammalt og nytt, mellom fortid og notid, har
som alt anna gått i gjennom si krise i siste tida. «Det nasjonale» er i stor
monn blitt eit bytte for politisk spekulasjon, og det har trua med å drepa
livsnerven i omgrepet, den organiske voksteren i kunst- og kulturliv frå ætt til
ætt. Men denne nerven kan ikkje drepast, han vil vera til stades som den raue
tråden alle stader der ny jord blir rudd i breidd med den gode gamle.
I dette samspelet mellom tradisjon og evolusjon vil Det norske Teatret lia
si serlege oppgåve å fylle i norsk kulturliv, jamvel om den gamle
kulturkampen blir likvidert. Det gjeld bare at teatret framleis held fast på sin idé,
-— finn si faste orientering mellom det gamle som lever og det nye som gror.
126
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>