Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
VELKOMSTHELSING TIL NORSK FOLKEMUSIKKVELD
Tale i Colosseum i Oslo 25. september 1942.
Eg ynäkjer dei som er møtt fram her frå alle luter av landet velkomne til
denne folkemusikkvelden med den gamle norske helsingi Heil og Sæl!
Når dei gamle nordmenn var samla til stemne, og serleg der kongen
hadde samla hirdi kring seg, var det alltid idrottsleikar. I Noreg var
skalde-kunsten ein av dei fremste idrotter. Skaldekunsten hadde ög sin eigen gud,
Brage, og minne om denne norrøne guden heng enno att i eit slikt uttrykk
som Brageløfte. Diktekunsten og musikken gjev uttrykk for høg kultur, ja,
musikken er den mest abstrakte av all kunst. I musikken kan menneski
finne utløysing for kjenslor som ein ikkje kan forma i ord. I folkemusikken
gjev ein finare og varare uttrykk for sjelslivet i folket enn i noko anna, ojjj
dette kanskje nettopp av di at folkemusikken er sprungen ut av naturi sjølv,
av samanhengen millom naturi og menneskje.
Den norske folkemusikken er vorten til i ei tid då det nordiske menneskje
livde i nærare samklang med naturi, då menneskje var seg medvite at det sjølv
var eit stykke av naturi. Det er dur frå foss, sus frå dal, skvaling av bylgjor,
brot av båror og andre naturljodar som var den fyrste gunntonen i
folkemusikken, og det er framleis slik at all verkeleg musikk må hente inspirasjonen
frå tonane i naturi. Vår store nasjonale diktar Welhaven gav uttrykk for det
i dette diktet:
I Fjældet bor vor Kunst og Poesi.
Den drømmer der endnu i Landets Bringe.
Der har den vist os Glimtet av sin Vinge
i Dalens Sagn, i Dalens Poesi.
Det var alltid folkemusikken som gav den rikaste tolking av kjenslone
omkring dei store hendingane i folket og ætti. Vi har bånsullar som nørde
barnet med slekti sin eigen tone. Vi har brureslåttar som knytte slektsbandet,
salmetonar som stemmer til høgtid, og vi har tonane frå vevstova og frå
seterlivet.
På same vis som eventyri tidt gjev uttrykk for striden i folkesjeli
kring dei kulturelle tidevervi, so finn ein det same i folkemusikken. I
eventyri om dei tri brørne Per, Pål og Askeladden heng det att kjenslor frå den
gamle striden millom den nye kristne kulturen og den norrøne ættekjensla.
Per og Pål er bråkmakarar, men som ikkje har samanheng med det som
folket heldt for rett og sant. Per og Pål er ei fornorsking av namni til apostlane
Peter og Paulus. Askeladden er den norske folkesjeli som er visa bort i
omns-kroi og som sit der med emni og berre ventar på å sleppe til. Eventyret viser
at der enno er eit arr ,i den norske folkesjeli etter den store kulturkampen
106
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>