- Project Runeberg -  Kampen for Norge / III. Foredrag og Artikler 1942 /
107

(1941-1942) [MARC] Author: Gulbrand Lunde
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

for mange hundre år sidan. Like eins gjev folkemusikken uttrykk for
dragkampen millom den norrøne ættetrui og det nye. Det er difor ikkje utan
meining at «kirken» gjekk til kamp mot den norske folkemusikken. Det gjekk
jamvel so vidt at dei forbaud bruken av den gamle norske trippelen i kyrkja.
På trass av denne kampen livde den norske folkemusikken sitt liv bunde til
dei gamle ideali åt slekti.

I nedfallstidi er det folkemusikken og folkediktingi som meir enn noko
anna held oppe den sernorske kulturen. Ja, ein kan endå segja at
folkemusikken blømde nettopp i slike nedfallstider. Dette kan tydast som eit
prov på at folket i sin eigen musikk såg eit vern mot den framande kulturen
som vilde tyne det nasjonale i folket. Det er vorte sagt at Noreg i denne tidi
hadde to kulturar som livde kvar sitt liv, og nettopp i dei mest avgøymde
fjordar og dalar, der folket hadde ein nærare samanheng med landet sjølv,
blømde den norske folkekulturen sterkast. Det var fyrst når pietismen med
sitt trongsyn braut innover folket at øydingi nådde dit. Mykje av det beste av
norsk folkekultur vart då lagt øyde. Då kvarv stevtonane, og dei slutta med
dei store folkestemnone, slik som stemna på Filefjell. Då reiv dei St.
Thomas-kyrkja og stengde norsk musikk ute ifrå gudstenestone.

Men skal det norske folket finne attende til seg sjølv og skapa ei nyreising,
då må det byggja på det nordiske grunnlaget, då lyt folket finna att den
norske rytmen både i sitt liv og i sin musikk. Denne rytmen har ikkje
upphavet sitt i Afrikas urskogar, ved Jerikos klagemur eller i Amerikas
«stor-byørken», den norske rytmen har røtene sine i den livande norske naturi. Det
var i denne norske rytmen at dei store norske tonediktarane fann utløysing
for skapergivnaden sin, og gjorde norsk musikk kjend over heile verdi.

Denne spelemannsstemna er eit viktig ledd i arbeidet for atterreising av
den norske kulturen. Det er og ei oppattnying av dei gamle mannjamningane
som bygde seg ut til dei store spelemannsstemnone med kappleik. Vi tek det som
eit godt teikn at nettopp frå den bygdi der den fyrste kappleiken vart halden
i 1888, frå Bø i Telemark, er fleire spelemenn komne til denne stemna. Denne
stemna skal verta inngangen til ein ny vokster i norsk folkemusikk.

Tonen, den egte om aldrig saa svag:
den er dog sjælens længsel mod dag,
aandsgnistens trang til at kjæmpe sig fri.

— Hellige tone,
du kan forsone
livslarmens disharmoni!

Ord kan lyve og slippe forbi.
Lyve kan aldrig en ren melodi:

107

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 20:33:52 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/norgekamp/3/0109.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free