Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Ordlæra
- Eigenskapsordi
- Pronomeni
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
mannen som mest fiskar. Det var myrke natti
daa me kom fram. Kjære ven.
Merkn. Sume eigenskapsord hev vorte næsta til
namnord: Svarten; Blakken; Gamlen; Rauden.
Pronomeni.
§ 68. Pronomeni er fleire slag: 1)
personlege pronomen. 2) atterverkande (refleksive)
pronomen. 3) eigedomspronomen.
4) peikande (demonstrative) pronomen. 5) spyrjande
(interrogative) pronomen. 6) attervisande
(relative) pronomen. 7) ubundne (indefinite)
pronomen.
Merkn. Pronomeni er eigenleg anten namnord (eg,
kven) eller eigenskapsord (nokon, denne).
§ 69. Dei personlege pronomen er eg for
fyrste person (den som talar), du for andre
person (den som ein talar til), han, ho, det for tridje
person (den eller det som ein talar um). Desse
pronomeni hev ei serleg form, naar dei er subjekt
eller hovudled i setningi (subjektform, hovudfall),
og ei onnor form, naar dei stend i andre høve
eller i underlederne i setningi (objektform,
underfall): eg skriv; han saag meg. Sume hev ogso ei
serskild form for eigefall: hans. Elles vert dei
bøygde soleis:
Eintal |
| Fyrste person. | Andre person. | Tridje person. |
| Mannk. | Kvendk. | Inkjek. |
Subjf. | eg | du | han | ho | det |
Objf. | meg | deg | honom | henne | det |
Eigef. | — | — | hans | hennar | (dess). |
| ⏟ |
[[** Tabell forts. neste side]]
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Sun Dec 10 21:11:55 2023
(aronsson)
(diff)
(history)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/norskmaall/0026.html