Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Ordlæra
- Pronomeni
- Talordi
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
Framleides ein: det er ikkje alle gjestebod ein
skal fara til, og ikkje alle spursmaal ein skal svara
til. Det, upersonlegt: det regner, det snøar
(sumstad ogso: han regner, han snøar).
Merkn. korgje er det same som »nokon av tvo«:
han vilde hava deim baae, men han fekk ikkje korgje (nokon
av deim.) Endaa dei var tvo paa baaten, gjorde dei ikkje
noko korgje (= nokon av deim).
Talordi.
§ 70. Talordi er anten grunntal, som
endefram viser mengdi med ting, eller rekkjetal, som
merkjer ut romet tingen hev i ei viss rad.
§ 77. Grunntali er ubeygjelege (tolv, trettan),
so nær som: ein, ei, eit.
Merkn. 1. Grunntali er: ein, tvo, tri, fire (fjore), fem,
seks, sju, aatte, ni, ti, elleve, tolv, trettan, fjortan, femtan,
sekstan, syttan, attan, nittan, tjuge, einogtjuge, o.s.fr. tretti,
fyrti, femti, seksti, sytti, aatteti, nitti, hundrad, tusund.
Merkn. 2. Tvo og tri hev i eldre bøker serskilde
inkjekynsformer: tvau og try (tvau born, try aar); aatte,
ni, ti, tjuge heiter snma stader: aatta, nio, tio, tjugo; sju [[** komma mgl?]]
syttan, sytti heiter sume stader: sjau, sjauttan, sjautti.
§ 78. Rekkjetali vert bøygde som
eigenskapsord i bundi form: den fyrste baaten; den
tridje boki.
Merkn. Rekkjetali er: den fyrste, andre, tridje, fjorde,
femte, sette, sjuande, aattande, niande, tiande, ellevte, tolvte,
trettande, fjortande, femtande, sekstande, syttande, attande,
nittande, tjugande, den ein og tjugande o. s. fr., trettiande,
fyrtiande, femtiande, sekstiande, syttiande, aattetiande,
nittiande (hundrade, tusunde).
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Sun Dec 10 21:11:55 2023
(aronsson)
(diff)
(history)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/norskmaall/0029.html