Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Nokre ord um namnet paa landet vaart. (Marius Hægstad)
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
Det upphavlege Norðr-vegr maa ha burtkasta r etter ð og
framfor v i landsnamnet alt i det 9de hundr.; av den nye formi
Norðvegr kjem daa det gamal-engelske namn, og dei eldste latinske
tilmaatingar — helst av dativ Northwegi med den vanlege latinske
ending a: Northwegia, som ogso Scandinavia, Germania ofl. hev.
Burtfallet av r i norðr er regel i gamal-norsk, naar ordet er fyrste
samansetningsled i eit stadnamn; soleis Norðland, Norðnes,
Nordhwiidhom (no skrive Nordvi, gard i Stange paa Heidmark).
I Norðvegr hev ð falle burt venteleg i det 10de hundr., so
namnet vart Norvegr (ogso Nórvegr), og dette hev alt fyre 1200
mange stader vorte Noregr (ogso Nóregr). Grunnen til burtfallet
av ð kann vera at han stod millom tvo konsonantar (samanlikna:
norðrøˊnn, [[** problem med å trykke ǿ? **]] gamal-høgtysk nordrôni, som vart til nórrønn); og
grunnen til burtfallet av v kann vera at ordet hev fenge sterkt ljodtrykk
paa fyrste stavingi, og at folk ikkje lenger la den upphavlege
tydning inn i ordet, men berre hadde i tanken landet som det
var namn paa; kann ogso henda at v i denne samansetningi mange
stader hev havt bilabial uttale (vore uttala med baae lippor).
Kor det er hev ordet gjenge same veg som þann veg (paa den
maate), huęrn veg (paa kva maate) ofl. som vart til þanneg (soleis)
og huęrneg (korleis). Paa Island tykkjest formi Norvegr ha fest seg
best, med di det baade er namnet i dei aller eldste skrifter og
synest vera det vanlegaste no (Norvegur)[1]. Me finn ogso i norske
fastlandsskrifter formi med v, men sjeldan, soleis Norweghs i eit
brev fraa Aas paa Follo 1357 [2].
Formi Norvegr ligg til grunn for namnet paa landet vaart i
dei fleste framande maal, Me hev fyrr nemnt engelsk Norway; det
tyske Norwegen høyrer og hit, like eins den yngre latinske
namneform Norvegia (ogso Norvagia) med sine greinord i dei
romanske maal: ital. Norvègia, rumænsk Norwegia, fransk Norvège, og
spansk Noruega. Paa russisk heiter det Норвегія (ɔ: Norvegia),
og endaa i arabisk hev geografen Idrisi alt i 1140 umtala Norbâġa
(eller Norwâġá)[3]. Det mest kjende namn paa landet vaart ute i
verdi er soleis Norvegia.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>