Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Nokre ord um namnet paa landet vaart. (Marius Hægstad)
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
Den tolkning av namnet Norig som her er gjevi, er — etter
det eg veit — den vanlege, og etter min meining heller tvillaus.
Likevel er der ogso andre meiningar um dette[1].
I 1847 hev student Nils H. Trønnes skrive ei utgreiding i
Langes Norsk tidsskrift um namnet paa landet og folket. Han
meiner at Nor- i landsnamnet ikkje kann vera norð-; hadde det vore
norð- maatte dette no paa Austlandet ha vorte til nōł̣- og landet
ha heitt Nōł̣eg, men det heiter Nørje. Han segjer at han aldri
hev sét noko Norðvegr bruka for Noregr. So set han Nor- i
samanheng med det norske ord nōr n. (sund, eller elvgrein, helst
fraa eit lite vatn ut i ei større elv), og meiner at namnet Norvegr
eigenleg tyder „sundlandet“ eller landet med dei tronge fjordar
og vatn.
Um dette er aa segja at me finn formi north (ɔ: norð) i
fyrste leden av namnet hjaa framande bokskrivarar i den tidi, daa me
lyt tru at ð livde i ordet, ja endaa hjaa Adam fraa Bremen. Naar
me i gamal-norsk ikkje finn ð i dette høvet, er det fordi denne
konsonanten hadde kvorve burt i landsnamnet den gongen dei tok
til aa skriva gamal-norsk; og med di han er burte alt i
gamal-norsk, kann me heller ikkje venta aa finna honom att i dette ordet
saman med ð (rð) som ł̣e i nynorsk. Dette motlegget hadde soleis
ikkje stor vegt.
I 1897 hev den svenske vitskapsmannen Ad. Noreen freista
aa hevda mykje godt den same tolkning (som han kanskje ikkje
hev kjent) av landsnamnet som Nils Trønnes, um enn paa eit
starkare underlag[2]. Noreen meiner at Nor- i landsnamnet ikkje kann
vera norð-, etter som formi Nóregr (med lang o) er den eldste og
vanlegaste. Han finn difor liksom Trønnes samanheng med ein
germansk ordstomn nōra-, samanklemd (hertil nór, smalt sund), og
umset Nór(v)egr [[** husk WJ]] med regio angusta ɔ: det tronge eller smale
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>