Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Eventyr
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
Daa aaret var ute, kom husbonden hans til honom, og spurde
korleis han lika tenesta. „Godt“, sa hin; han hadde aldri havt so
godt aar. So synte han honom kva han hadde koka paa:
kapteinen og løtnanten. So soldaten til aa banna, for di han hadde ’kje
lagt under meir — han trega daa, han tyktest ha bruka for lite
ved daa. „Ja no er menneskja verre enn den vonde“, sa fanden,
for han var det.
Ja, so kom han no med løni, hin-mannen, og det var ein
pung, som aldri traut pengar i, om han fyllte verdi med pengar.
No vilde soldaten hava andre klæde — han hadde berre ein
loden kjole med klør og styggedom paa, som mannen hadde gjeve
honom, daa han fekk honom i tenesta — „folk vart rædde honom“,
sa han. „Nei“, sa hin-mannen, han kunde kaupa seg klæde; no
hadde han pengar. „Eg fær ikkje hus nokon stad, dei er rædde
meg“, sa soldaten. „Du kann ganga til ein gjestgjevar“ [[** sic, intet komma **]] sa hin,
„han hev svore paa han skulde aldri neitta nokon hus, og neittar
han no deg hus, so høyrer han meg til“. So gjekk guten til
gjestgjevaren og bad um hus. „Du maa ikkje beda meg um hus“, sa
gjestgjevaren, „for folki mine er rædde deg“. „Jau, hjarte-væne,
du lyt laana meg hus“, sa hin atter. „Ja eg hev svore paa eg
skulde ikkje neitta nokon hus; etter di du bed meg, lyt du faa hus“.
No sat der i gjestgjevargarden ein konge og spela kort, og
mange andre høge herrar. So bad guten han maatte ganga inn i
spelet med deim. Ja, det fekk han — dei var ikkje rædde av seg
dei — og guten spela og tapa, spela og tapa, alt fort. So vilde
han ut for seg sjølv, vilde guten. Der sat den vonde fyre, utanfor
veggen. „Fekk du hus?“ sa han. „Ja, eg fekk hus“, sa guten,
„men eg hev kome i kortspel med ein konge, og eg taper so at“.
„Spela og tap du, spela og tap du! du hev pengar“, sa hin, og
so takka han daa for hans true tenesta; „no ser du aldri meg meir“,
sa han. Ja, guten var no like nøgd med det; det var no ikkje so
faarlegt, meinte han.
So reiste han att til deim som sat og spela; daa vilde
kongen hava honom til aa spela att daa; men guten lest ikkje vilja.
„Men det er det same; vil du setja upp land og rike og dronning
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>