Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Vokalharmoni i Stodmaalet (Marius Hægstad)
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
fraa kringum 1300 og skriv den dag i dag: kalla, kallar, hlrði,
hirðir, vísu, vísur. Umfram Island hev fulla ogso sume
sudvestnorske maalføre her heime i gamalnorsk tid havt berre desse
endingsvokalar. Men elles hev dei fleste norske fastlandsmaalføre,
allvisst dei anstnorske, skipa seg noko annarleis i dette stykke og
vore meir mangslungne.
Um a er det her berre aa segja at han i gamle lange
tvostavings-ord jamnaste hev vorte æ (= e) [[** ogonek]] alt fyre 1300 paa
Austlandet (liggiæ, kirkiæ). I Trøndelag hev han i slike ord falle
burt; difor no: kasta Vestl., kastə Austl., kast’ [[** tone]] Trøndelag. I gamle
stutte tvostavingsord hev han i austnorsk fenge mange brigde; men
av di Stodmaalet i dette stykke ikkje skil seg noko større ut fraa
andre trøndske maalføre, vil me ikkje her gjera denne
endingsvokalen til emne for serskild umrøda.
Det vert daa dei endingsvokalar som svarar til vanleg
gamalnorsk i og u me her fær aa greida ut um.
I dei upplysningar eg fyrr hev gjeve um ljodverket i
trøndske skrifter fyre 1350 [1], hev eg synt korleis endingi i den tid berre
vart bruka etter visse reglar, naar der i stavingi i fyrevegen (oftast
stomnen) stod:
høg vokal: u, ú, au, i, í, y, ý, æi, öy;
eller dei stutte midhøge: o, e. [[** begge ogonek]]
Soleis: lutir, húsi, draumi, lifir, lífi, synir, sýnir, stæini,
öykir, hofdi, seldi. [[** ogonek de 2 siste]]
Var det derimot andro vokalar i stavingi fyreaat enn desse,
kunde endingi ikkje verta i, men e. Endingsvokalen e vart daa
bruka etter:
dei laage vokalar a, á, é; [[** ogonek]]
og midhøge vokalar o, ó, e, é, ö, ø, ǿ.
Soleis: fate (vanl. gn. fati), áre (vanl. gn. ári), kallaðe (vanl.
gn. kallaði), lérer [[** ogonek]] (vanl. gn. lérir), [[** ogonek]] skotet (vanl. gn. skotit),
bónde (vanl. gn. bóndi), veðre (vanl. gn. veðri), rétter (vanl. gn.
réttir), glögger (vanl. gn. gløggir), søner (vanl. gn. sønir = synir), dǿmer
(vanl. gn. dǿmir).
Medan dativ eintal av inkjekynsordet hús i gamaltrøndsk
heitte húsi, liksom i det islandske maalføre, kom inkjekynsordet fat
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>