- Project Runeberg -  Norvegia - Tidskrift for det norske folks maal og minder / II Bind /
228

(1908)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Konkel i Kungsgarden, uppskrive av Ivar Aasen.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

kokte. Men so drog da langt ut paa Kvelden, og ingen kom; so
vart dei leide og gjekk paa Fartyet alle so nær som Vidjevindaren;
han skulde sita med Panno. Ei Stund etter avdagat kom dar eit
Troll med try Hovud; strakst da saag Vidjevindaren, rauk da i
han, og han slog mot, so dar vart eit heilt Spark; men Enden var
dan, at Trollet vann og Vidjevindaren[1] laut uppi Gryto; so var
da gjort med honom. — Andre Kvelden skulde Rokkedreiaren sita
med Gryto; daa kom da same Trollet, og dar vart eit stort Tak;
men da gjekk ikje betr en at Rokkedreiaren[2] vart vunnen og
slengd i Gryto. — Tridje Kvelden skulde Jarnsmiden halda Vakt;
daa kom Trollet atter og[3] spurde um dar var endaa fleir som
vilde koma i dan Gryto, som dei sjølv hadde hitat. Ja, mid er
nog fleir, sa Jarnsmiden[4], men mid skal no freista, um du inkje
eingong skal finna din Overmakje, og da heve eg no ei Von um,
at du skal faa dan Løni som du er verd, fyre da du drap Sellanne
vaare; er du leid av Livet, so kan du koma, fyre no er eg hugad
te sjaa, um Trollmagti di skal hjelpa deg lenger. Arme Krakje,
sa Trollet; da er audsett at du gjeng ette Feigdi, og inkje skal du
bida lengje helder, fyrr du fær da du leitar etter. So bar da ihop
med dei og vart eit fælt Bask, so da saag ut til at Trollet skulde
vinna; men endaa var Smiden so traust i Bulen at han heldt ut,
og[5] sist paa fekk han Trollet under seg og duvade da i Gryto.
No var da Trollet or Vegen havt; men endaa saag dei inkje likt
til Kungsdøttrenne; difyre trudde dei dar var fleire Troll, og so
skulde Berggrøyparen standa Vakt til fjorde Natti. Daa kom dar
«it Troll med seks Hovud, og større og stygre en da fyrste. Er
da du som drap Bror min, sa da. Um so var, so var eg inkje
rædd endaa, sa Berggrøyparen[6]. Ja, no skal du daa ogso[7] faa
din Rett, sa Trollet[8]. Aa ja, Retten dan skal mid no rykkjast
um fyrst, sa Berggrøyparen[9]; og so rauk dei ihop. Dar vart eit
endaa fælare Tak med dei tvo, og Trollet var so avskapat og galet,
at Berggrøyparen[10] tenkte daa og daa at han maatte fella; men
paa Enden so fekk han daa Yvertakjet og kasta Trollet i Gryto. —
Hin Kvelden vilde Konkelen sjølv halda Vakt; daa kom dar eit
Troll med nie Hovud, og so sint og uppøst at da gneistade or da.


[1] V. hdskr.
[2] R. hdskr.
[3] aa hdskr.
[4] Hdskr. hev R. som
her maa vera misskrift for J.
[5] aa hdskr.
[6] B. hdskr.
[7] ogsaa hdskr.
[8] Tr. hdskr.
[9] B. hdskr.
[10] B. hdskr.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 21:13:06 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/norvegia08/2/0246.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free