- Project Runeberg -  Norvegia - Tidskrift for det norske folks maal og minder / II Bind /
234

(1908)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Blodteigen paa Karmøyi, ved Torkell Mauland.

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

Men sidan datt han ned og vart liggjande i marki. Mange aar
etterpaa skifte dei ut gardarne paa Utvik, og den mannen som fekk
det stykke der steinen laag, skulde setja upp mange famnar med
steingard, for han hadde stor jord. Daa gjekk han lenge og saag
paa denne „pighedlo“; han hadde kje reint hjarta til aa taka den
gamle steinen med ein gong; men so vart suti for stein stor, og
daa kunde han ikkje halda seg lenger, han tok ein minebolt og ein
hamar i neven, daska so upp i marki og sprengde steinen i 3 stykke.
Sidan lagde han dei i skiftesgarden, og der fyllte dei gildt.
Minnest eg ikkje gale, so tok han att dei same steinarne nokre aar
etterpaa, daa han skulde byggja nye hus. No skal daa den gamle
„bautasteinen“ liggja i muren under dei nye husi pna [[** sic = paa ?]] Utvik, og der
er stykki ikkje gode aa kjenna.

So paa lag fortel folk paa Karmøyi um det slaget som stod
paa Blodteigen. I seinare tid hev folk vorte so vise, at dei veit
det var Haakon den gode og Eirikssønerne som slost paa
Blodteigen, og at det var Guttorm, son etter Eirik Blodøks, som vart
liggjande i den største haugen. Ein gong fyre 1842 var dei mange
karar og grov i den haugen, — der var endaa presten Blom med —,
og daa fann dei ymse ting fraa bronsealdren.

Det som eg elles helst vilde fortelja, det var at denna teigen
heiter Blodteigen. Det er mange som hev mishøyrt dette
namnet og skrive „Blodheien“; men „heien“ er eit ord som ikkje
høyrer til maalet paa Karmøyi; det maatte daa vera Blodheio (eller
= heiaa). Naar ein „storkar“ kjem til Avaldsnes og spỳr etter
„Blodheien“, so veit folk kva han meiner, og trur vel oftast at
dette er det rettaste namnet; for det høver best i „den hellige
skrift“; men naar dei sjølve tek til aa røda, so nemner dei aldri
anna enn Blo(d)tei(g)en. [[** husk WJ]] Um ein husmann som bur der, segjer dei
at han bur paa Tei(g)en; [[** husk WJ]] der er det ikkje noko „Blod-“ framfyre
som forviller.

„Blodheien“ hev folk skrive, so umogelegt som det namnet
er. Stiftamtmann Christie var i tvil um dette og kunde ikkje faa
namnet til aa rima seg; han trudde det skulde vera „Blotheien“.
Og det hadde han rett i, at „Blotheien“ og „Blodteigen“ høyrest likt
paa dei kantar; men truleg hadde han ikkje vore paa Karmøyi og
tala med folk, og det siste namnet ser det ut til han ikkje
kunde koma paa.

Ogso i „Norges Land og Folk“ er det dessverre innkome ein
urett skrivemaate; namnet er der retta til „Bloheien“; men
rettingi er komi i den galne enden.


*



<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 21:13:06 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/norvegia08/2/0252.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free