- Project Runeberg -  Norvegia - Tidskrift for det norske folks maal og minder / II Bind /
290

(1908)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Huldrehauinn. Optegnet av Ivar Aasen - Tri gule Flekkjer i ein Aaker. (Av J. Belsheim).

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

ta Lassa aa kasta inn i, so hann trefte Fotinn paa Bana. Daa
vart Huldra so sinte, at ho lovde [[** o-apostrof]] dæ, at dæ skuld’ ikkje gaa ohelt
i hass Ægt til mande Mid. Aa dei seie, dæ vart sant ogsaa; fyre
i denn Gara hèv’ altidt vòre ett Menneskje so hè halta.


*




Tri gule Flekkjer i ein Aaker.

(Av J. Belsheim).

O

        O

                O

Belsheim-Kinni [1] er ein av dei beste og fraudigaste Aakrar i
det øvre Valdres; kann henda det er vondt aa finna ein betre
Aaker i heile Norig. Denne Kinni ligg i ein bratt Bakke beint
imot Soli og lognt til, so ikkje Nordanvinden kann gjera vondt.
Ho er mange Maal stor, og der er djup, feit Moldjord allstad.
Eg som er fødd paa ein Plass nær ved Garden, kann minnast eg
kom ein Gong gangande der ned i Kornskurden. Ein Husmann,
som skar der, sa: „Denne Aakren er det Uraad aa faa skjemt ut“.
Det var eit Grøde av det stridaste og beste Byggkorn ein kunde
sjaa, og so tjukk var Vokstren paa Aakren, at Straaet lagdest ned
tidleg paa Sumaren; men Kornet var likevel fullmoge og kjernefullt.
Den Aakren var det Uraad aa skjemma ut, sa Husmannen. Saki
var den, at Eigaren av Gaarden daa var ein gamall Busete (ein
ugift Mann), og han hadde Garden i 50—60 Aar, og var ein
serlyndt Selle, so han hadde aldri drive Garden godt, og sistpaa
vart han so gamall og skrøpeleg, at ingen Ting kunde verta drive.
Han mistenkte alle Menneskje for Tjuvnad, leit ikkje paa nokon,
og fekk til Slutt ikkje Arbeidsfolk; og han maatte vel ha svolte
i Hel paa denne gilde Garden, hadde ikkje hans Ættingar fenge
lyst honom umyndig. Garden vart daa burtpakta og vart godt drive,
og Gamlingen fekk det han trengde til Uppehelde greinleg.

Men desse tri Flekkjerne daa? Ja, naar det hadde vore
lenge Turrvêr fram-etter Vaaren, medan Aakren enno var grøn, kom
det til Synes langt nede paa Aakren tri gule Flekkjer i ei skraa
Lina liksom dei tri O’ ar [[** sic]] under Yverskrifti, i motsett Stemna


[1] Kinn er i Valdres ei bergsida.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 21:13:06 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/norvegia08/2/0308.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free