Full resolution (TIFF) - On this page / på denna sida - Tri gule Flekkjer i ein Aaker. (Av J. Belsheim).
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has been proofread at least once.
(diff)
(history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång.
(skillnad)
(historik)
av dei tri vel kjende Stjernor, Jakobsstaven i Stjernebilætet Orion.
Dei tri gule Flekkjerne i Aakren var rundvorne, fleire Meter i
Vidd, og der var fleire Meter Lengd imillom deim. Daa eg var
ein Smaagut, spurde eg ein eldre Mann, kva desse tri Flekkjerne
kom av; han sa meg, at Aakren var grunn paa dei Flekkjerne,
og difor vart dei gule fyrr enn heile Aakren vart gul og Kornet
moge. Eg trur, at denne Mannen hadde Rett; det var tri
Skinflekkjer, som det ofte finst i Aakrar. Men eg hadde alt fyrr høyrt,
at det var ein annan Grunn til desse gule Flekkjerne.
Det hadde ein Gong vore ein Mann der paa Belsheim med
Namnet Sigurd (eller som dei der i Bygdi segjer Sjugur). Han
hadde vore „Nora Fjelle“ — dermed meinar Folk i øvre Valdres
Bergens Stift, iminsto Bygderne Sogn, Voss, Hardanger og
Strilelandet —. Der „Nora Fjelle“ hadde han vorte trulova med ei
Gjenta, Dotteri til ei Trollkjerring, dei kalla Helvites-Berit. Kva
Gjenta heitte hev eg ikkje høyrt.
Helvites-Berit vart brend som Trollkjerring. Men fyrr ho
skulde brennast, fortalde ho til Sigurd Belsheim, kvar han skulde
finna Pengarne hennar, som ho hadde grave ned. Han skulde sjaa
etter, naar Bjøllekui hennar kom heim um Kvelden; der ho sparka
med Fotom og rauta, der skulde han grava og finna Pengarne.
Han so gjorde og fann Pengarne; men no, daa han hadde fenge deim,
vilde han ikkje ha Gjenta, men sveik henne.
Men det skulde ikkje fylgja nokor Velsigning med desse
Pengarne; han var aldri glad.
No vart det ein Gong sidan eit Brudlaup i Granne-Garden,
Sør-Garden paa Belsheim. Der hadde dei vel drukke sterkt Øl
— Brennevin hadde dei fulla ikkje endaa — og han hadde fenge
noko i Hovudet. Han gjekk daa til ein stor Stein som stend
utmed Garden, netupp ovanfor den bratte Aakren —
Belsheim-Kinni —. Der ved den Steinen stakk han seg i Hel med ein
Kniv, og med det sama rulla han ned etter Aakren som ei Tunna.
Men fyrst etter han hadde trulla langt ned paa Aakren, stod
Blodfossen ut or Saaret, og kvar Gong han valt med Saaret vendt ned,
fossa Blod ut yver Aakren. Der kom tri slike store Blodfossar
ut or Saaret, og etter deim er dei tri gule Flekkjerne — som
Segni fortel.
Eg hev alt sagt, at kvar av dei tri Flekkjerne er fleire
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>