- Project Runeberg -  Ord och Bild / Trettionde årgången. 1921 /
418

(1892-1951)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Åttonde häftet - Arne Garborg 1851—1921. Av Olav Midttun

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Olav Midttun

Barndomshjemmet, Jce der e n.

for Norig, med mykje æsing og strid
og mange umskifte i ymse leider. I
politikk har me vunne oss lause fraa eit
trongsynt, unasjonalt, byraakratisk
em-betsstyre til fullt folkestyre. Ved val
etter val dömde folket det, og til slutt
dömde dei folkevalde representantane
heile riksstyret fraa sine embete (1884).
Det hadde leita seg hjelp hjaa den högste,
lærdaste autoritet um det absolute veto
i grunnlovssaker, det juridiske fakultetet;
men folket let seg ikkje böygja eller
skræma av det. Og byraakratiet fekk
studnad for si autoritetstru fraa det
teologiske fakultetet og det religiöse
trong-syn ved det vidgjetne »Opraab til
Christendommens Venner i vort Land».

Etter det store gjenombrotet i 1884
fekk me parlamentarisk styremaate, me
fekk folkedomstolar, folkevæpning,
folke-skule mot tidlegare aalmugeskule, og
mykje meir. Men endaa var striden
hard, og no galdt det serleg unionen

med Sverike og den mink i nasjonalt
sjölvstende som mange tykte han var.
Unionsstridane spela ei rolle i det
politiske livet vaart som ungdomen no snautt
kann tenkja seg. Noko har det vel gjort
at det konservative partiet ogso syntest
vilja henta seg hjelp og studnad i den
indre striden hjaa unionskongen.

Paa det religiöse umraadet var det
like eins sterke brytingar. Dei ymse
religiöse meiningar stod hardt mot
kvar-andre, högkyrkjelege mot laagkyrkjelege,
grundtvigianarar mot dei baae; attpaa
kom nye, friske tankar ströymande inn
fraa Europa med Darwinisme, positivisme,
bibelkritikk o. a. og skapte krav um
eit friare tankeliv og motstand mot den
trongsynte, dogmatiske, pietistiske
religionen som vanleg daa vart forkynt og
hadde havt mykje makt ut yver i landet.

Det vart strid for retten og
fridomen for det einskilde mennesket, baade
politisk for aalmenn röysterett, kulturelt

Æsing—jäsning. Ymse—olika. Studnad—stöd. Vidgjetne—ryktbar. Mink—inskränkning
Snautt—knappast. Hjaa—hos. Attpaa—därtill.

418

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 13:58:00 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ordochbild/1921/0462.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free