Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Femte häftet - Arne Garborg og Sverige. Av Rolv Thesen
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Ro 1 v T h e s en
den heidenstamsko livsgleda som sume fann
tröyst i, men som han ikkje kan få seg til
å tru på.
Heidenstam svara Garborg i same tonen
med ein artikkel i »Samtiden» om ei svensk
kokebok, Charles Emil Hagdahls klassiske
bok: »Kok-konsten som vetenskap och konst».
(Artikkelen hans var omsett av Bolette C.
Pavels Larsen). Garborgs artikkel hadde
gjevi han inntrykk av at kokeboka til Hanna
Winsnes hadde eit demokratisk norsk drag.
Det var annleis med hans Hagdahl. For det
fyrste er han mannfolk, og for det andre
er han svensk i eitt og alt. Og dette likar
Heidenstam godt, — for han har aldri kunna
forstå — seier han, og ikkje utan brodd —
kvifor svenskane ikkje skal skrive på sin
eigen måte, men berre slik parisarar, danskar
og nordmenn skriv.
Heidenstam set det ljose og rauste i svensk
lynde opp mot det demokratisk norske draget.
Hagdahl er aristokrat. Han »korser sig ikke
altruistisk betænksomt foran en postei af
lærker»; og han meiner at »den fine
gastronomi er den talenternes drivkraft, der lokker
frem geniets virkelige lynglimt». Men det er
serleg det strålande soldathumöret hans som
er utenkjeleg vestafor Kjolen eller sör for
Öresund. Når Hagdahl sluttar ei oppskrift
med desse ord: »Hvis man saa synes,
tilsættes tröfler og pistacier», så er det typisk
svensk; dette »hvis man saa synes», ville
ikkje noko norsk eller dansk kvinnemenneske
ha skrivi. Ei norsk eller dansk kvinne ville
tenkt på samfunnet, Camilla Collett eller
gud veit kva. Ho ville i det minste ha sagt
kor mykje ein skulde ta, dersom ein hadde det
som skulle til. Men å kile inn dette rauste og
sorglause »hvis man saa synes» — det er
svensk.
Ein merkar i dette brodden mot det norske
alvoret og Garborgs sosiale og demokratiske
tankegang. Det er den nye talsmannen for
livsgleda som vil minne Garborg om at det
kan vera bra nok med altruisme, men at det
kan ög vera godt med litt soldathumör. Han
tykte vår tid hadde gått for langt i
»medlidenhedens asketisme». Vår moderne
med-kjensle gjer oss til sist duglause til alt,
jam-vel til å utvikle samfundet. »Der er en pusten
og stönnen fra alle kanter, vi gaar omkring
akkurat som skulde vi gjöre bod, og vi
skryder af vore skjælvende knær og vor
bleghed.» Og han spor: »Men har du aldrig
fölt et pust af hin salig romernes lyst til at
skryde ogsaa af lykken? Har du aldrig fölt
skamfuldhed over at lide? Jeg skammer mig,
naar jeg skal tale om mine egne sorger. —
Og gives der kjedeligere folk end martyrer,
der gaar omkring i teselskaber og paa
aften-underholdinger og viser frem sitt udskaarne
hjerte?»
Gerhard Gran gav eit slag svar i
»Samtiden» på denne artikkelen av Heidenstam;
han gjorde det i ei melding av Garborgs
»Hjaa ho Mor». Og Garborg sjölv skreiv ein
lang artikkel i »Dagbladet» sumaren 1890 om
»Den idealistiske Reaktion», der han atter
gjekk inn på det antinaturalistiske
straum-draget i litteraturen, og serleg på
Heidenstams og Levertins skrift »Pepitas bröllop».
Alt ein månad för »Dagblad »-artikkelen
hans kom, hadde han skrivi til Bolette C.
Pavels Larsen, som hadde sendt han skriftet,
at han tykte det var svært godt skrivi (og
omsett).
Det som han hadde lesi i »Pepitas bröllop»
om individualismen, hadde han lika svært
godt. Det var vår einaste berging -— meinte
han i denne tid — om vi sette alt inn på å
vera individualistiske. For det kunne vi.
Men den venleiken og livsgleda som
Heidenstam og Levertin forkynte, var ikkje noko
for oss; vi hadde ikkje tradisjonar i slikt.
»I Romantiken blev vi lidt med,
desformedelst at vi havde disse Bönder, som ingen
kjendte; men hvad har dette halvciviliserede
Land af Söilehaller og Springvand? -—
Baza-rene ved Kristiania Torv! — Og Forfinelse?
Og Skjönhed over Livet, og Fest og Glans? —
Naar der holdes Fest i Kristiania, lader man
Brandvæsenet kjöre ud med sine Spröiter.»
Då han hadde gjort ferdig artikkelen til
»Dagbladet», tykte han at det han hadde
skrivi var »professoragtig og kjedelig». Men
artikkelen var — skreiv han i eit nytt brev til
Bolette C. Pavels Larsen, — ein freistnad på
orientering, og fekk ha sitt verd på den måten.
Han kom i dette brevet atter inn på det
individualistiske synet i »Pepitas bröllop», og sa
seg samd i det. Og det var i grunnen berre
det om individualismen, som han hadde hatt
hug til å skrive om. Men elles meinte han at
»hvis vi kan faa nogle dygtige Folk som
skriver Livsglæde, Klassicitet og deslige, og
skriver godt, saa lad dem komme, komme,
komme.;) Det kunne vera vi trong slike folk
i det fæle gråveret som det nittande
hundre-året var fylt av. »Vi kan saamen gjerne
danse lidt för vi gaar i Luften».
224
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>