Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Andra häftet - Jørgen Bukdahl. En danskes syn på norsk og nordisk kultur. Av Johs. A. Dale
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
J oh s.
\
I 1863 gav han ut tredje delen av
avhand-linga »Noige under Foreningen med
Danmark». Han syner her den organiske
saman-hengen i vårt folks nasjonale liv. Det gamle
Noreg var ikkje gått til grunne i
sambands-tida, ringen var ikkje broten.
Avnasjonali-seringa nådde ikkje djupt under overflata.
Bøndene bar tradisjonen oppe. »Hos
Bondestanden, som i Norge ikke var en Kaste af
undertrykte Arbeidere, men i en vis Forstand
det egentlige Folk, der ikke erkjendte nogen
Overmand, der havde sin Adel, sine anseete
Slægter, sin Historie og sin særegne Cultur,
bevaredes den oprindelige Nationalitet
uforfalsket, i lang Tid vistnok uden at gjøre sig
gjældende, men ogsaa uden at tabe sin
Spireevne.» Mellom bøndene på den eine sida
og adel, presteskap og borgarstand på den
andre var der ei så djup kluft at desse siste
»paa en Maade kunde betragtes som
Colo-nister». Men omsider kom sams interesser og
sams historiske minne til å knyte klassene
nærare saman, innflyttarkulturen fekk eit
meir nasjonalt preg, klufta jamna seg ut.
Sars talar mest om handel og institusjonar,
Bukdahl talar om dikting og kunst, men
samsvaret er elles så fullkome som ein kan ynskje
det. Og ingen kompetent historikar har rikka
ved denne sida av Sars’s historiske syn.
Tvertimot har dette synet etter kvart
gjen-nomsyra all viktig historisk litteratur i Noreg;
eg nemner berre den store litteraturhistoria
av Bull, Paasche og Winsnes og den nyleg
fullførde »Norsk kulturhistorie» av Anders
Bugge og Sverre Steen. Professor
Worm-Müller seier ein stad at den nemnde
avhand-linga av Sars »likefrem danner en ny epoke
ikke bare i vår historieskrivning, men i vårt
folks nasjonale liv», og han reknar »den
Sarske lova» for ein sjølvsagd ting. — Ja, for
historikarar, men ikkje for folk flest. Derav
det svære rabalder om »Det skjulte Norge».
Og når den norske »tusenårslina» er meir
kjend og godkjend i dag enn for tjue år sidan,
er det kanskje meir Bukdahl enn Sars å takke.
Bukdahl er agitator og polemikar, og han går
aldri trøytt av å forkynne sine meiningar i
bøker, artiklar og talar.
Det som er sagt her, kan kanskje ha gjeve
det inntrykket at Bukdahls bøker er
kjøt-lause skjelett av teoriar. Ingen ting er i så
fall meir urett. Det er just fantasien og farten,
heten og stemningsrikdomen, innlevingsevna
og evna til å få lesar og åhøyrar i tale og rive
dei med, som er det mest typiske for han.
Han har stundom skrive betre
litteraturhistorie enn han sjølv vil vera ved, han har
skrive ugløymande stemningsbilete som det
av Mosafinn som sit under stabburet og spelar
til giede for ingen, men serleg har han skrive
inntrengjande essays som lesaren har giede
og lærdom av kva han enn meiner om teorien.
Eg nemner avsnittet om Jørgen Moe i »Det
skjulte Norge»; ei meir strålande innføring i
Jørgen Moes heile verk og vesen kjenner eg
ikkje. Bukdahl som talar kjenner i grunnen
berre den som har opplevd han i ein mindre
krins, når han reiser seg og improviserer ein
tale som glitrar av ånd og syner og
underfundig humor.
Bukdahl vart gift med ei norsk dame, i
1925 slo han seg ned i Oslo, og vart buande
der i 5 år. Interesse for Noreg har ikkje
veikna etter at han flytte frå landet heller.
Han har etter det skrive to bøker om norske
forhold: »Det skjulte Foraar. Emigrantbreve
fra Norge» (1934) og »Lyseklosteret» (1940).
Den første skildrar reiser gjennom landet,
møte med stader og menneske, som Oslo og
Kinck, Knudaheio og Garborg; det er ei bok
full av lyriske stemningar, men og av
meiningar og utsyn. Den andre skildrar, med
ruinane av Lyseklosteret ved Bergen som
utgångspunkt og samlingspunkt, serleg norsk
mellomalder — Snorre og Heilag-Olav,
Draumkvædet. Boka angar av syrin og
lavendel. — Elles finn ein i »Mellemkrigstid»
(I og II) ei rekkje artiklar som Bukdahl
gjennom åra har skrive om Noreg og norske
kulturforhold. Han er — og har vel lenge vore —
den danske, ja truleg den utlending, som veit
mest om norsk dikting og norsk åndsliv elles.
Men siste åra har han oftare tala om
Norden enn om Noreg serskilt. For godt ti
år sidan var han ferdig med dei to svære
banda om dansk åndsliv, han flytte til
Stockholm og skulle til med to band om Sverige.
Då bles det opp til storm over Europa, det
hende ting som gjorde at Bukdahl ikkje
kunne bli sitjande i ro ved skrivebordet i
Stockholm. Det var mana fram ånder som
han visste vanskeleg let seg mana til ro att.
»Die ich rief, die Geister, werd’ ich nun nicht
los.» Han vart folketalar og artikkelskribent
igjen, og emnet var gjerne Norden no. Det
var så menn ikkje vanskeleg å vinne øyra
for nordisk samarbeid, det hadde stått på
dagsordenen i alle nordiske land sidan
verds-krigen. Men Bukdahl var ikkje berre glad for
det. Då han på studentmöte i København og
102
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>