- Project Runeberg -  Ord och Bild / Femtiotredje årgången. 1944 /
29

(1892-1951)
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Första häftet - Midt i ei jerntid. Tre norske romanar. Av Rolv Thesen. I

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Midt i ei j e r n t i d

serleg har hatt auga for det ihopfløkte og
mangbotna i menneskeleg sjcleliv, for alle
krokane og løyngangane i menneskehugen.
Det er ingen lettkjøpt optimisme dei
for-kynner, men ein optimisme som synest ha
vaksi fram på same beiske røynslegrunnen
som t. d. Olav Duuns.

Første delen av »Kimen» fortel om korleis
villskapen kan få makt over folk. Ein
sinns-sjuk mann har overfalli ei gjente og drepi
henne. Dette hender på ei øy ein vakker
ettersommardag.

Ypparleg har Vesaas skildra jakta på denne
mannen, -—- korleis fleire og fleire, karar og
kvinner, let seg riva med av villskapen; det
blir ein heil massesuggestion til slutt. I
broddén fer bror til den drepne. Og det er han
som blir sjølve gjerningsmannen. Det er han
som drep den sinnssjuke, i staden for å be
folk hjelpa til med å sperra han inne.

Han — som dei andre — hadde fari i
ørska. Dei var frå sans og samling. Gjekk
fram som dyr. Og for å streka under og minna
om dette har Vesaas bygd opp romanen over
ein parallellisme. Samstundes med at han
skildrar mennesket på dyrestadiet, gjev han
glimt fra svinebingen, der striden og går på
livet laus. Mødrene et ungane sine.

Men med like stor kunst har Vesaas skildra
det som kjem etterpå. Då vaknar samvetet
og skamkjensla, redsla og angeren i
men-neska. Då skjønar dei med eitt kva dei har
vori med på, — at det var ei stund dei ikkje
var menneske.

Det er far til gjenta som vekkjer dei til
fullt medvet. Han vil ikkje godkjenna det dei
har gjort, og heller ikkje det sonen har gjort.
Han nektar å koma med det godkjennande
ordet då dei strøymer til garden hans. Der
ventar dei natta igjennom, medan den drepne
mannen ligg på låven. Det blir som ei
lik-vake. (På dansk heiter romanen Nattevagt.)
Nokre kryp inn i svinebingen, inn i mørkret.
»Det var dei mest audmjuke på øya», står det.
Der låg dei i dustet (stoftet) og kjende seg
ringare enn all annan skapning.

Men då morgonen renn, etter ei natt i
anger og skuldkjensle, kjem livet til dei på
nytt. Dei har gjort opp rekneskapen med seg
sjølve. Sanninga har frigjort dei. Dei hadde
vori slegne til jorda, djupt til jorda. No stod
dei att. »Der måtte ha vori ein kime i
dustet.» Förundra legg dei merke til — den
eine etter den andre — at øya er som før!
»Snart ville sola vera der, og gras, og lauv

var grønt.» Det kjendest som ei guds heising.
Her er som ein pust av Våluspå-stemning:
Etter Ragnarök stig jorda atter grøn, og
livet byrjar på nytt.

Vesaas har av vår mest hysteriske kritikar
vori skulda for at han ikkje har makta å
gjennomføra dyresymbolikken i romanen. Til
det er å svara at det er ingen slik symbolikk
der. Men der er, som alt nemnt, ein viss
parallellisme. Diktaren har skildra striden
mellom dyra, sjølve dyrementaliteten, så han
kunne ha eit samanlikningsgrunnlag eller ein
bakgrunn for menneskeskildringa. Og han
har gjort det slik at det grøsser i ein.
Sam-stundes skildrar han korleis mennesket
nær-mar seg dyret når villskapen grip det, —
når det ikkje lenger er seg sjølv. Men det
store og det gripande i boka er skildringa av
korleis menneska reiser seg etter si
fornedring, korleis dei atter stig opp or dustet i
svinebingen, medan dyra ikkje kan lyfta seg
over sitt dyreliv. Rånen (galten) som ög, om
natta, har prøvd å drepa eit menneske, han
står der om morgonen like blind. Med han
har ikkje noko under skjedd. Han er og blir
eit dyr. Sanninga har ikkje frigjort han. Til
han kjem ikkje synet av sol og lauv og gras
som ei guds heising.

Heile grunntanken og grunnsynet i denne
gripande og vakre romanen kunne ein samla
i nokre få ord; men aller best er meininga
med boka ordlagd i eit vers av den svenske
lyrikaren Johannes Edfelt i diktsamlinga
»Järnålder», der han let menneskets genius
seia fram desse vakre og stolte linene:

Jag är i tid och evighet; jag vet
att så min ljusa sådd i mörkö lande.
Jag finns, där du kan spåra mänsklighet,
en strimma ödmjukhet, en skymt av ande.

III.

Det er eit heilt anna miljø vi møter i
Sigurd Christiansens siste roman Mannen
fra bensinstasjonen; det er eit norsk
småbv-miljø. Og vi møter heilt andre menneske enn
bøndene på den grøne øya Vesaas skildrar.
Dei to romanane er på månge måtar så ulike
som romanar kan vera. Og likevel. Dei
mø-test i sin vyrdnad for det fenomen som
heiter mennesket, i den medvitne eller
umed-vitne trongen til — i ei vond og vanskeleg
tid — å streka under dei varige verde i
menneskelivet.

I si siste bok syner Sigurd Christiansen at
han har noko av same evna som Olav Duun

29

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 14:09:51 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/ordochbild/1944/0045.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free