Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Första häftet - Midt i ei jerntid. Tre norske romanar. Av Rolv Thesen. I
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Rol v T hes en
Tarjei Vesaas. 1932.
hadde i si menneskeskildring, til å få fram
dei rette og sanne dimensjonar i ein
menneske-lagnad, det uvanlege i det vanlege, det store
og heroiske i kvardagslivet.
Mannen fra bensinstasjonen, Julius Klyver
heiter han, sit ein kveld og høyrer at radioen
melder om eit mord. Den drepne er Anna
Klyver, den kvinna som han ein gong var
gift med, men som han sende fra seg i sinne
og vanvyrdnad då han fekk veta att ho ein
gong hadde vori gategjente. Han hatar henne.
Men mordet fører til at han på nytt må ta
standpunkt til det som har hendt mellom
dei; han må få greie på heile hennar liv og
livslagnad. Han må prøva å samla det han
veit om henne, til eit nytt, revidert bilete.
Han blir driven til det av ein uimotståeleg
og uovervinneleg trong. Han måtte veta,
jam-vel om han ikkje visste kvifor, og om det
ikkje førde til nokon ting.
Samvetet, angeren og sanningstrongen driv
han. Det finst ingen veg som fører tilbake
til det tilværet som ei røyst i radioen hadde
rykt han ut or. Han lærer å kjenna det
heroiske i denne kvinnelagnaden. Denne
kvinna hadde med same heltemod gått fra
tilvære til tilvære og byrja livet på nytt kvar
gong. Sanninga om henne frigjer han frå
hatet, og i staden kjenner han den djupaste
vyrdnad for dette mennesket som han ein
gong i sinne sende ifrå seg. »Ja, hun hadde
hele tiden, tross alle forvandlinger, vært det
samme ensomme, lidende og levende
menneske fra den første dødsangst og frem til
den siste. Klyver så det med overbevisende
klarhet. Og han skremtes over sin egen
litenhet.» — Han har opplevd noko stort, og
han held på og blir eit nytt menneske
gjen-nom det han har opplevd; sanninga har
frigjort han. »Og det at hun hadde gått foran,
at hun hadde greid det, blev en styrke og
fortrøstning. Det gjorde det enkleste og
inn-flydelsesløseste menneskeliv til et myStenum. Til
en helligdom å verne og oppteise.it
I desse ord ligg sjølve grunntanken og
grunnsynet i denne gripande romanen; her
har diktaren samla sitt menneskesyn i nokre
få ord. Og han har fått biletet av den døde
Anna Klyver til å lysa med ein mest
overjordisk glans. Berre i Olav Duuns
vedunderleg vakre bok »Ettermæle» har eg lesi ei så
levande skildring av ein død person. Og her
som der er det gjort så einfelt, så sjølvsagt,
så uimotseieleg og overtydande, at ein til slutt
berre bøyer seg i vyrdnad både for det
mennesket som såleis stig ein i møte, og for den
kunstnaren som har skapt dette
meisterstyk-ket av menneskeskildring.
IV.
Hausten rg4i sende Inge Krokann ut
romanen Under himmelteiknet, som er fjerde
og siste bandet av det store romanverket
hans frå »dansketida».
"Verket samlar seg om ætta på storgarden
Lo. Men det lyfter samstundes fram heile
bygda. Ja, heile Noregs lagnad i dansketida
blir levande så det er til å syrgja og gråta
over; men midt i vanmakta og nedgangen —
midt i alt det som er til å syrgja og gråta
over — ser ein det gode og sterke töet i
folket og den sjølvstendige vegen det har gått
gjennom tidene.
Opp or dette verket om den norske bygd
og vår lagnad som folk stig representantane
for dei kreftene som brytst, her samla i eit
bondesamfunn oppunder Dovre, midt i leia
mellom nord og sør, mellom København og
bispestolen nord i Nidaros by. Det er ei lang
rad med levande og sermerkte menneske ein
møter her, skildra med intim og fantasifull
kunst. Her er bispar og prestar og futar. Og
her er bønder av mange slag. Sume av dei
30
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>