Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread.
/ Denna sida har aldrig korrekturlästs.
ere
13
den maaten. De hugsar, ho tykkjer, at de er
lik ein elder annan, — so ho hev vel ei sorg til
aa bera paa. Og fekk eg berre tak i det, so — —
Ellest er ikkje all skuldi paa hennar sida,
naar han er vorten slik ein slark.
Far hans, elder einkvar annan i ætti, kann
ha voret alkoholist. Sovoret gjeng i arv og kjem
fram, naar rette høvi er der. Og her var det
vel giftermaalet, som hjelpte det fram. Han er
no ikkje nokor sers djup natur.
Men — det er ikkje lett aa døma i sovorne
ting.“
„Nei — ein lyt halda seg til laus gissing.
Og — eg kann vel lita paa doktaren si finkjensla?“
„Naturlegvis! — Heiders-sak!“ svarad
doktaren og gjekk beint til frøken Bergqvist og vilde
faa greida paa, kvat ho visste.
„Han er longe aabrudig paa vesle Bergqvist,“
tenkte doktaren, — „difyr peikar han henne ut.
Og han vilde nok gjerna verta meir enn ven i
huset, berre han kunde koma til! — Fy, fa'n —
slik ein snok!“ —
Doktaren var arg og sputtad, gjekk og
svingad krokstaven sin med mange umkvarv i
minutten og kvisjad eitkvart, som høvde etter takten.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026
(www-data)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0013.html