- Project Runeberg -  Blindebukk. Ei soga um eit barn /
12

(1894) [MARC] Author: Adolf Paul
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

12 ; — — De frur altso ikkje, de fyr dykkar deil, at ho er soleids —?“ »Nei, som sagt er. Men det er ikkje lett aa setja fram nokor sikker meining. For det kann rett sjaa mistenkjelegt ut — — ja, attimillom er det mest altfor hævt med dei. Og beint ut sagt, hev eg daa voret freistad til aa tru alt. Men detta hev me millom oss. Ikkje sant? — Det er berre fyr aa sermerkja sjukdomen; ellest er eg ikkje den, som gjeng med slarv!“ »Nei var det likt seg! Eg kjenner nok til dykkar finkjensla,“ sa doktaren. — „Det er frøken Bergqvist, som er mest tidtgjengd der i huset, — er det ikkje so?“ „Jau, men frøken Bergqvist er ei mykjet aktande og tekkjeleg dame, som eg hev den største vyrdnad fyr.“ „Naar det er høve til det, skal eg ikkje gløyma aa bera fram fyr frøken Bergqvist dykkar vyrdnadsfulle kjenslor fyr henne,“ sa doktaren, reis upp og vilde gaa. ,Og takk skal de ha fyr alle dykkar gode rettleidingar. Dei vil vera til stor hjelp fyr meg. — Detta med veninnorne kann no vel fyr størsteparten vera slarv. Men eitkvart sers er det med frua: — eitkvart, som hekk att ifraa gamalt, og som er orsaki til altsaman. Ja, de slo no og fram um eitkvart paa

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0012.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free