Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread.
/ Denna sida har aldrig korrekturlästs.
24
ber i veg, berre han sjølv kjem i trygd og kann
berga ladningen i land einkvar staden.
Men ei kvinna ho sigler tvert upp i
motvinden med sine fastsette synsmaatar og er sikker
paa, at ho skal faa medhald, og at vinden skal
vera so ærug, at han snur seg etter hennar tykkje.
Men gjerer han ikkje det, og ho kjem i sjø-naud
med skuta si, so er det naturlegvis vinden si
skuld. For skuta var god, og sjølv hadde ho rett.
Og vert ho daa ikkje rak, men slepp ifraa
det nokot so nær heilskinnad, so segjer ho, at
ho hadde medvind, men at han snudde seg.
For ei verjelaus kvinna skal det alltid leggjast
ilt aat.
Lyg gjerer dei naturlegvis baae slagi, og av
ingen av dei fær ein vita nokot nytt um saki,
men so mykjet meir um slarvaren sjølv.“
Doktaren turkad brilleglasi, ventad tolug ei
stund, men gjekk so endeleg sin veg.
„Ja — det er vel ingen ting annat aa gjera
enn aa fretta mannen skikkeleg ut ein gong til,“
mullad han. „Og truga han med stryk, dersom
han lyg. Og so til patienten sjølv, sjaa myndug
ut og kommandera: ut med samanhengen! —
Det nyttar vel ikkje paa onnor vis.“
mP
A
N
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026
(www-data)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0024.html