Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread.
/ Denna sida har aldrig korrekturlästs.
23
faa henne til aa skrifta til dykk, og so kunde
me sidan samsnakkast.
De skynar, at i sovorne høve, naar det
beint ut stend um livet, er ikkje det nokot
dulsmaals-brot — slett ikkje.“
Men daa fekk doktaren sjaa vesle Bergqvist
sin faste karaktér, som ho ikkje fyrr hadde fenget
høve til aa syna. Ho spratt ende upp og augo
gneistad av all den vanvyrdnad, ho ikkje kunde
leggja inn i ordi.
„Tvi vøre!“ skreik ho. „Kvat er doktaren
for ein kropp! — Og kvat trur han meg vera
for eit menneskje, sidan han torer koma her og
bry meg med — med — —“
Dermed fôr ho ut, klemde døri att etter seg
og let doktaren sitja der.
Han vart ikkje nett klumsad helder; han
berre tenkte paa den andre husvenen, han nyst
hadde frettat ut.
„Ja-ja“, sa han med seg sjølv; „det gjerer
alltid ein grand skil, anten slarvekjerringarne er
mannfolk elder kvinnfolk !
Ein mann han kryssar og bautar seg fram
so lenge, til han fær medvind. Og so sæt han
kosen einkvar stad — til rett elder urett, sanning
elder lygn. Det er fyr han det same, kvar det
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026
(www-data)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0023.html