- Project Runeberg -  Blindebukk. Ei soga um eit barn /
37

(1894) [MARC] Author: Adolf Paul
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

37 øre i drikkepengar attaat eit peik av Stormbom um den paragraf i straffeloven, som vedkjem stuld' og snytarskap. Og Bromann lagde til: ,,So snart dei trur, at ein er litt full, so nyttar dei alltid høvet og grev til seg, kvat dei kann komma yver!“ — Han hadde i augneblinken gløymt vekselen, den gode Bromann. — Doktaren tok det med ro, at han var yorten so sniplegt fraaseggjord. Han visste, at i lag med Stormbom var det eitt av tvo: anten. lata seg sjølv kjøyra ut elder og kjøyra han paa dør. Det siste var det vanlegste, men doktaren leit ikkje for væl paa Bromann i kveld. Ellest kunde ein aldri vita, kvar ein hadde: Stormbom, sundsliten og tilgjord som han var. Ruset tok han aldri paa same maaten, og fastande: var han ikkje lik seg i dag som i gaar. I kveld hadde han voret høgtidleg og sjølvgod; ein annan gong kunde han vera audmykti sjølv, drog seg under kona som ein hund og hadde so bergfaste prinsip, at det kunde vera heile vikor, ho ikkje trong segja til han: ,,Atle! — hugsa heidersordet til mama!“ Det var daa rett eit illskevette til kjerring, den stakkaren hadde fenget! Og eit undarlegt menneskje attaat, som ikkje var til aa raa' med,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0037.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free