Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread.
/ Denna sida har aldrig korrekturlästs.
36
til livs, og Bromann hadde skjellt ut doktaren,
som daa slett ingen ting dugde til, og fortalt eit
par gode slosor, som kvikad ein grand, — daa
kom vekselen fram.
„Skal. du no ha pengar att!“ smaagrylte
Stormbom.
Men han skreiv paa korso — um ikkje fyr
annat so fyr aa syna, at han var herre i huset
og slett ikkje ottast korkje kona elder vermori.
Nei, vedkomande det, at vermori skulde ha
eitkvart aa segja! — det vart det aldri spursmaal um!
„Sovorne. jødekjerringar — sit i uskift bu
og tenkjer aldri paa aa døy! Og kjem og tek
heidersord av meg, endaa eg ikkje hev fenget so
mykjet som ein femmar av heile briknaden!
Berre ei kjerring, som gjerer meg livet surt!“ —
Bromann stakk vekselen i lumma og grundad
paa, korleids han. skulde uttyda veksel-greida i
morgon, naar Stormbom var fastande vorten og
hadde gløymt heile hendet.
Og Stormbom lagde ut um, kor mykjet han
stod inne fyr aat den; kor mykjet den var
skyldig han endaa, og kor mykjet han hadde misst
i falittar her og der. — Men han hadde havt
raad til; handelen gjekk godt, gudskjelov!
Tenaren kom med rekningi, fekk skrubb,
fyrdi han hadde lagt galet i hop, — og so femti
RODO
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026
(www-data)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0036.html