Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread.
/ Denna sida har aldrig korrekturlästs.
39
IV.
Ho sjølv.
A
Wins Stormbom brydde seg ingen ting
um, kvat folk sa, endaa det, som dei, det
ikkje kom ved, hadde aa fortelja um henne,
var soleids, at haaret kunde reisa seg paa
hovudet — imot venerne sitt slarv. Ho var so
innvovi i gissingar paa alle vis, at naar doktaren
skulde til aa greida ut floken, vasad han seg
sjølv fast, so han hittad korkje att elder fram.
Og korso var ho ikkje sers original. Ho
var, som ein plar segja, ei danad dame.
Ho hadde leset alt, som lesande var millom
himmel og jord. I diktar-bokavlen fanst det ikkje
eit godt namn, som ho ikkje med fynd kunde
halda fram sine eigne meiningar um. Og ho
kunde prova det, ho sa, med høvelege citat or
den bok, som talen galdt. Elder i minsto visste
ho, kvat den elder den kritikaren so raamande
hadde skrivet.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026
(www-data)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0039.html