- Project Runeberg -  Blindebukk. Ei soga um eit barn /
40

(1894) [MARC] Author: Adolf Paul
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

40 I musikken elskad ho Chopin. Sers glad var ho i hans Bergeuse — den der, de veit, som Popper-Menter alltid fekk lov til aa spela aat gamle Liszt! Og ho brann fyr Wagner, men hatad all dansemusikk og operette, som daa slett ikkje var musikk! At folk kunde dyrka Offenbach, kunde ho aldri faa inn i sitt hovud. — Men fyr klassikerne hadde ho stor age. Ein laut sagta høyra dei baade tvo og tri gonger, fyrr ein fekk tak i dei; men det kunde strakst alle skyna, at det var verkeleg, skir musikk! Matstellet lagde ho ikkje paa seg. Alle dei bøker, som handlad um slikt, hadde ho rett i fint band standande i bokskaapet; men ho var av vælstands folk, hadde alltid fenget fylgja si eigi lyst og ikkje havt turvande læra sovoret. Herre gud, — ei kvinna kunde vel ha andre hugmaal i livet enn aa laga mat! Men ho hadde voret i pension i Sveits og lært seg til aa maala paa postelin og teikna med sot og tusk. Og der hadde ho leset fargelære, visste greida paa komplementfargerne og tottest no ha ein raffinert fargehaatt. — I Paris, Berlin og Dresden hadde ho studerat kunstsjaa, so det fanst ikkje mange namngjetne meistarar, utan ho hadde set eit maalarstykkje av dei — elder i minsto ei liti riting.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0040.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free