Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread.
/ Denna sida har aldrig korrekturlästs.
86
dagewesenes, — minst ein svane, endaa ho
: ikkje er so mykjet som ei gaas eingong.
Og so vert ho standande i all æva med
kornet sitt i nebben og svelt og kann ikkje sjaa,
kor mette dei ét seg dei andre hønsi kring henne,
og trur, at ho sjølv er aaleina um dette store
underfulle. Medan gjeng hanar og hønor kring
henne og undrast, kvat i all verdi det er, som
bilar kreket, lagar teorier og diktar upp
skakkjøyrde hypoteser um henne, avdi dei trur, ho
er abnorm. Og so er ho berre tossi, som stend
der med munnen full av mat og svelt, endaa ho
kann svelja. — Og so skal doktaren gjera aat
og leggja ut fyr henne um, at munnen er gjord
til aa éta med, gudbevar's!
Det einaste, som hjelper med: den sorten,
er berre beintfram aa setja kniven i dei! Kann
henda ho daa dreg upp det samanvaksne
augneloket, fyrr ho daudar, og ser og skynar, at
hennar hønsekjøt ikkje er nokot uvanlegare
psykofysiologisk fænomén enn dei andre sitt! — Nei,
fram med kniven! — Hjelper det ikkje, so vert
det i minsto ei endelykt!“ —
Han var ein framifraa lærd mann, den
doktaren! Og driven i diagnosen — og slik ein
psykolog attaat! Naar det galdt um aa raaka
paa ein prikk det rette, rakk ingen ting upp imot
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026
(www-data)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0086.html