Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread.
/ Denna sida har aldrig korrekturlästs.
85
andre gongen onnorleids! Og dei gode venerne
lagar slarvet, ettersom trongi er! :
Vondt kann det vera fyr den stakkars
mannen, men so reint illa er det no vel ikkje
helder!
— „Papegøy-tragikk!“ sa han og tenkte paa.
Stormbom sine deklamationer kvelden fyre. —
»Lesefrukter! —' sovoret, som han nasar upp i
romaner til aa deklamera or seg sine dimme
kjenslor med! Tenk, kor gode dei er aa ha,
desse diktararne! Det er ikkje berre det, at dei
skaffar folk gaman; men dei lager ord, som er
gode til aa ha paa tunga, naar ein er so elder
so i laget!
»Nei mi sæl, um eg gjerer nokot med denne
saki fyr hans skuld! — Ad majorem det
gloriam!» sa han og slo seg paa den kombination,
som var baade mage og bringa. „Og mi
doktaræra er min gud.
Til han ofrar eg den vesle gaasi sin roman!
Ein kjenner til det, ja, at naar ei blind høna
finn eit korn ein gong og so av eit høve fær
tak i, kvat dei andre hønsi lyt tæra, so stend
ho der og gaper av undring. Det er so reint
undarlegt, so uutgrundelegt, ein verkeleg roman.
Ho vert snupt galen av ovmod og innbillar seg,
at ho er eitkvart yverjordisk, mystisk, noch nicht
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026
(www-data)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0085.html