Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread.
/ Denna sida har aldrig korrekturlästs.
89
var ingi pengeutlag for store! Og endeleg so
hadde dei raad til det og, — barnlause folk som
dei var! —
— Dei vart samde um aa reisa til Berlin
og gav seg paa veg ein av dei fyrste dagarne
i juni. :
Avdi det var so tidlegt paa aaret, hadde
ikkje Stormbom brytt seg úm aa tinga rom
umbord. So skulde det so vanheppet henda, at
eimbaaten vart so fullstappad, at frua laut liggja
i kafteinen si kahytta og Stormbom i
røykjehytta. Det var forargelegt, men ingi raad med
det!
Eimbaaten gjekk ifraa Helsingfors um
ettermiddagen og reiste ytre leidi yver finskebugti.
Han skulde vera i Hangö um kvelden. Dei heldt
so langt utpaa, at ei strima av Estlands-kysten
skimtad fram attimillom, med’ finske-kysten jamt
var i sigte. Ei dame, som hadde sett seg attmed
Alvhild, gjorde ender og daa eit spursmaal til
henne; snart var det eit fyrtaarn, snart ei kyrkia,
ho vilde vita greida paa. Damen talad norsk.
So kom dei i røda saman. Alvhild lét illa
um kafteinen, som ikkje helder hadde siglt indre
leidi, so reisekameraten kunde fenget ein tanke
um den finske skjergarden. Barösund var so
grumt! — Men kafteinen var visst rædd fyr
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026
(www-data)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0089.html