- Project Runeberg -  Blindebukk. Ei soga um eit barn /
160

(1894) [MARC] Author: Adolf Paul
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

160 som døydde fyrst, og daa tok dei til aa kjenna seg so undarlege. Og i vika, som var, fekk Limnell slag. Men Stenberg vann fyre han korso; han døydde i gaar av snøgg lungetæring. Eg fekk vita det samstundes med, at brevet ditt kom, — Dei kappast rett um sæla, dei gamle gubbarne, og so snart ein til av dei fell ifraa, so vert dei andre endaa meir ottesame. Men det læst dei ikkje ved gaa; berre skjemtar um det og syner seg karslege. Stenberg og Limnell hadde endaa til sleget vedd um, kven som skulde døy fyrst. Ja det var verkeleg løglegt aa høyra paa dei, kor ynkelegt det endaa var. Og mine gamle veninnor — ja du veit nok, kor mange eg hadde, — dei er ogso burte, døydde elder vekkflutte. — .Og frosken i akvariet daudad i fyrre vika. No bryr eg meg helder ikkje um aa faa meg nokon ny meir. Dette var den femte, etter sæle far din døydde; men ingi var so trivleg elder livde so lenge som den, han let etter seg. Ja, mi kjære Alvhild, sidan det no er so været, at du kann henda treng um hjelpi mi, so kjem eg til deg no ein av dagarne. Du kann vel alltid hysa oss so lenge, til eg fær ordna meg med buføringi. Og sidan vil eg bu i Helsingfors, so. eg alltid kann vera hjaa deg —

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0160.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free