Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread.
/ Denna sida har aldrig korrekturlästs.
168
desse livande ting, som me kallar celler, og som
de er samansett av. Og er de veik, det vil
segja: er samanhaldet i cellesamlaget klent, so
kann dette samlaget paa ei vis koma i
revolutionstilstand — berre av uvane med forn-elementet.
— Naar de stend der og kjenner dykk for veik
imot bylgjorne, som slær yver dykk, daa smeikjer
moder havet so til aa segja celle-devlarne med
forn-rørsla, so dei fær seperatistisk ørska, vil ut
or samlaget og ha rørsle-evle kvar fyr seg. Og
de kjenner desse der revolutionære bylgjorne fara
igjenom kroppen dykkar, lenge etter de er komen
upp or sjøen, for det drygjer eit bil, fyrr logni
kjem att.
Flegmatiske folk kann ha godt av ei sovori
periodisk uppristing av sin innvertes
samanheng. Men dei, som er nervøse, er det faarlegt
fyr. De fekk ein hjerne-affektion, de, og de
kann takka lukka, at det gjekk yver. — Æg
hadde aldri gjevet lov til laugingi; men dei tyske
lækjararne held no eingong paa radikal aatgjersla
= ja!“ —
Alvhild skynad ikkje stort av dette. Men
ho var nøgd likevæl, for ho hadde fenget
utgreiding paa tingen. Og det var ikkje meir ho
vilde.
SE? xi
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026
(www-data)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0168.html