- Project Runeberg -  Blindebukk. Ei soga um eit barn /
169

(1894) [MARC] Author: Adolf Paul
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

169 Det vart ein gut. — Det var daa reint undarlegt, totte fru Petterqvist. For so lenge ho kunde minnast, hadde det berre vortet gjenteborn i hennar ætt. Men Stormbom var stolt som ein gud. Gutungen svipad paa han; det var ikkje spursmaal um annat. Og det heldt frøken Bergqvist med han i. Men fru Petterqvist meinte, at dei skulde ikkje vera so støde paa det; han fekk mori sine brune augo, berre han vart eldre. Det var just det undarlege med smaa born, at dei hadde ikkje nokon viss lit paa augo, — berre ein skiftande djup daam, som kunde verta baade brun og blaa. Alvhild tenkte ikkje paa den tingen. Ho var berre nøgd med sonen sin og totte, at alt var so reint undarlegt, at ho kunde ikkje skyna, korleids det var boret til. Men daa ho kom upp or barnsengi, tok ho styret yver sonen; det hjelpte ikkje, kor mykjet fru Petterqvist stridde imot og vilde vera den, som raadde. Han skulde ikkje vera i det utrivlege romet, dei andre hadde stellt til til barnekammers. Og ikkje i sovekammerset hennar helder. Berre det beste var godt nok aat han: — Han skulde faa hennar boudoir. Der reidde ho upp aat han millom silke-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0169.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free