Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread.
/ Denna sida har aldrig korrekturlästs.
172
og til aa handfara, so sat ho der korso og leikad
blindebukk med si livsgaata. —
— Men ut i storstova hadde fru Petterqvist
raadstemna med vesle Bergqvist og frøken
Jakobsson. Det galdt helst um, kvat ervingen
skulde heita.
Charles Emil — elder ,Sjarlemil%, som ho
sa, var best av det, som hadde voret nemnt.
Det lét so godt: det var ikkje av dei aalmenne
namni og lyddest ikkje tilgjort helder! Æo hadde
aldri kunnat skyna, kvifyr ein alltid kallad borni
upp etter slegt og vener. — Det hadde frøken
Jakobsson helder ikkje skynat.
Ja, og so, kven som skulde verta faddrar?
Bromann laut ein vel fulla be — ja, og so
nokre av Stormbom sine handelsvener. Og so
den og frøken den.
Fru Petterqvist vilde sjølv bera han; tenk,
andre enn ho bera han! Var det likt seg! —
Og so skulde faddrarne staa i ring kring presten.
Ikkje i tvo lange rader med herrar paa eine sida
og damer paa hi! Det var daa beint fram
løglegt med dei tvo rekkjorne av herrar og damer;
— plent som dei skulde til aa gaa springedans
med ungen! Og skirslar-ceremonien var ein heilag
gjerning, som ein ikkje skulde skjemta med.
en Sø D B BEER a
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026
(www-data)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0172.html