- Project Runeberg -  Blindebukk. Ei soga um eit barn /
171

(1894) [MARC] Author: Adolf Paul
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

On TET NV SEE 171 att i staden. Men um kveldarne, naar ho kveikte det elektriske ljoset attum silkeduken, fylde det blaa skinet romet justsom fyrr og sende sine bleikeblaae, dirrande baaror fram yver henne og ungen, druknad dei liksom. Daa totte ho, allting var endaa undarlegare, og ho tenkte paa alt det mystiske, doktaren hadde fortalt henne um livet, um forn-rørsla og. um havet. Utan ho sjølv visste um det, sette ho alt dette uklaare i samanheng med det midmerkje, som heile hennar haatt no krinsad i kring, og totte, at paa vanleg vis hadde ikkje dette gjenget til. Han var komen til henne eikorleids paa ein merkverdig maate: — Havet hadde gjevet han til henne, boret han til henne daa, naar. det tok henne med slikt vald og velde, at det ikkje var raad til aa staa imot. Det var visst og sant: han var havsens son, og ho var mor hans. Med' ho sat der attmed sengi hans, smaalo ho vælnøgd aat denne romantiske prydnaden paa saki. Og ho lagde framhaldet av romanen til rettes fyr seg i nye, uklaare draumar. Det blaa ljoset kom sigande inn i romet stillt og blidt som maaneskin um sumarnatti, og den raude divanen glein som ein briken blomsterkalk, som nett hadde opnat seg og synte fram barnet. Men endaa løysingi laag der framfyr henne ljos-livande

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Jun 1 23:03:31 2026 (www-data) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/phblinde/0171.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free