- Project Runeberg -  Grundtvig /
11

(1925) [MARC] Author: Rasmus Stauri
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Dette at han no skulde gå inn i prestegjerning,
f0rde tankane hans i ei ny leid. Det syner
pr0ve-preika hans i Regenskyrkja 17de mars 1810. For
det fyrste gjekk det svaert lognt og stilt for seg.
Det var ikkje mange som h0yrde på slike preiker.
Dei tilh0yrarar Grundtvig hadde, var ein censor,
professor P. E. Müller, og nokre få studentar.
Censoren gav honom karakteren «udmerket», og
der-med såg alt ut til å vere godt og vel. Men då han
ein månad etterpå gav preika ut, reiste det seg ein
heil strid. Den tekst hani hadde tala over var
Math. 5. 16, 17, og til titel sette han: «Hvi er
Herrens Ord forsvundet af hans Hus?» Han kom her
med eit hardt klagemål mot heile det danske
presteskap’ for åndl0yse og det rasjonalistiske
straumdrag dei no var komne inn i.

For mange kom Grundtvigs djerve ord som eit
friskt pust som varsla um eit tidsskifte. Biskop
J. N. B r u n i Bergen skreiv til Grundtvig: «Deres
praeken var vand paa min m0lle», og Jung-Stilling
i Tyskland sa, at det var slike menn tida trong til.
Men prestane i Kj0benhavn vart harme og vilde
ha Grundtvig straffa for preika, som kom med
«fornaermende beskyldninger» mot heile
preste-standet. «Hr. Kandidat Grundtvig har ladet trykke
et aabenbart Skandskrift mod den hele Stand af
Religionslserere,» stod det i den klaga som vart
send til kancelliet, og som kapellan H. G. Clausen
var hovudmannen for.

Tanken var vel den å få Grundtvig sletta av
kandidatlista, so dei for framtida kunde vere kvitt
ein brysam motstandar. Dei vilde ha fred i
landet. I dei siste hundradåra har fleirtalet av
prestane synt ein merkeleg hug til ro, når talen har
vore um åndsspursmål. Det same synte seg her
ög. — Heile denne r0ra slutta med, at
Grundtvig skulde ha «en Advarsel og Irettessettelse».

Han var i denne tid svaert still og tunglyndt.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 16:36:05 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/rsgrundt/0013.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free